Motorveg fortel steinalderhistorie

Ved kysten av Vestfold og Telemark har arkeologar funne spor etter nokre av dei første nordmennene på Austlandet. Funna vart gjorde då dei bygde den nye E18-motorvegen.

Graveutstyr og funn av øks Foto: Kulturhistorisk museum

Buplassar som er ti tusen år gamle, kan gi oss svar på korleis dei første menneska levde i Noreg etter siste istid. Funna vart gjorde der den nye motorvegen blir bygd mellom Sky i Vestfold og Langangen i Telemark.

Buplassane i Vestfold og Telemark ligg 80-110 meter over dagens strandlinje, men for 10 000 år sidan låg dei ved havet. Strandlinja har med andre ord flytt seg mykje nedover sidan den gong. Landet lyfta seg då den tunge isbreen som låg over landet, smelta etter istida. 

Jakt og fangst

Alt tyder på at steinalderfolka som heldt til der, var jegerar som fanga kval og sel i havet. Fiske gjorde dei også. Dei budde neppe i trehus, men i telt av skinn som dei kunne flytte rundt med frå buplass til buplass.

Kart over steinalderfunn i Vestfold og Telemark
Kartillustrasjon: Melkeveien Designkontor

Skinnkledde jegerar

Steinaldermenneska som heldt til på buplassane der den nye E18 blir bygd, må ha hatt varme klede av skinn, sidan klimaet var mykje kaldare enn i dag. Forskarar har funne ut at berre kysten og fjordane var isfrie for 10 000 år sidan.

Det er høgda over havet og utsjånaden til reiskapane som er funne, som fortel arkeologane kor gamle buplassane er.

Skiveøks i hånd (Hovedtekstbilde)Øks.
Foto: Kulturhistorisk museum

Frå Sverige?

I Nordvest-Europa er det berre i Noreg og Sverige at det er funne buplassar av same type som funna i Vestfold og Telemark. Like gamle kystbuplassar i Danmark, Sør-Sverige, Tyskland og Polen ligg skjult under havoverflaten. I motsetning til i Sør-Noreg senka kysten seg i desse landa etter istida. Det er sannsynleg at dei tidlegaste menneska i Vestfold og Telemark kom til Noreg frå Vest-Sverige.

Eldre steinalder 

Tidsperioden: Eldre steinalder. Varte i Noreg frå ca. 9500 år før Kristus til ca. 4000-3800 år før Kristus. Etterfølgd av yngre steinalder, ca. 4000-1800 f. Kr. Då vart det drive jordbruk i delar av Noreg.

Samfunn: Omstreifande familiar eller grupper knytte til sesongbuplassar. Desse livnærte seg av fangst, jakt, fiske og innsamling av bær, nøtter, fugleegg og sjødyr langs strendene.

Reiskapar: Pil og boge, harpunar, øksar og bor. Reiskapane var laga av flint og andre bergartar, tre, horn og bein. Mesteparten av gjenstandane av tre, horn og bein, og klede av skinn, har rotna bort.

  

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-11