Smart pigghud

Kråkebollen har verken hjarte eller hjerne. Likevel er han utruleg smart. Forskarane klør seg i hovudet av forundring over den vesle skapningen som gong etter gong gjer rare, men lure ting.

Undervannsbilde av en kråkebolle  (Ingressbilde) Kråkebollane er ikkje raske i avtrekkjaren. Toppfarten er 10 centimeter i minuttet. Foto: NIVA/Janne Gitmark

Har du sett TV-serien om den smarte og oppfinnsame Angus MacGyver? MacGyver er ein etterforskar som alltid klarer å løyse dei vanskelegaste oppgåvene med enkle verktøy. Slik er det også med kråkebollen, fortel forskaren Sten Siikavuopio i forskingsinstituttet Nofima. Han har studert kråkebollar i snart 16 år. Sidan han veit så mykje om kråkebollar, blir han kalla "doktor kråkebolle".

- Kråkebollar kan sjå enkle og uskyldige ut, men dei er utstyrte med smarte verktøy. Visste du for eksempel at kråkebollen kan skru seg av og på, slik at han kan styre energiforbruket sitt? spør han.

Innsiden av en kråkebolle (Hovedtekstbilde)Rogn inni ein kråkebolle.
Foto: Stein Siikavuopio

Gode "keeperar"

Kråkebollane er ikkje raske i avtrekkjaren. Med ein toppfart på 10 centimeter i minuttet må dei finne alternative måtar å fange mat på. Derfor har dei utvikla ein teknikk som kan samanliknast med ein fotballkeeper i aksjon.

Når kråkebollen er svolten, plasserer han seg der havstraumen er sterk. Og når det kjem drivande noko riktig lekkert, hiv han seg etter byttet med sugekoppane sine.

Kråkebollen bruker også sugekoppane når han skal beskytte seg mot fisk og andre sjødyr som vil ete han, fortel kråkebolleforskaren.

- Då syg han seg fast til omgivnadene. I tillegg produserer kråkebollen eit slags superlim som òg gjer han i stand til å feste seg der det måtte passe. Samtidig fungerer den piggete kroppen som ei panservogn.

Kråkeboller på havbunn (Hovedtekstbilde)Når kråkebollene finn mat, kan det fort bli trafikkork.
Foto: NIVA/Janne Gitmark

Skaper trafikkork

Forskaren fortel at han fekk ei morosam overrasking då han skulle studere kråkebollane. Han hadde ei gruppe kråkebollar i eit kar og festa merkelappar til piggane. Då han seinare kom tilbake, låg alle merkelappane i botnen av karet. Det viste seg at kråkebollane rett og slett hadde skote laus dei piggane som hadde merkelappar på seg.

- I enkelte tilfelle har vi òg opplevd at kråkebollane hjelper kvarandre med å gnage bort ting frå piggane til kvarandre dersom det er noko som ikkje skal vere der, fortel han.

Sjølv om kråkebollane er smarte, avslører forskaren at dei er dårlege i "trafikken".

- Når kråkebollen finn mat, stoppar han heilt opp og et til han er heilt ferdig med måltidet. Men dette kan gjerne ta litt tid - kanskje ei heil veke. I mellomtida luktar andre kråkebollar mat og spaserer i same retning. Dette skaper store køar og kjedekollisjon, fortel "doktor kråkebolle".

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-11.

Lesetrening med Lesekroken

Til denne artikkelen fins det leseoppgaver. Gå til Lesekroken for å laste ned oppgavene.