Ser med barten

Nokre menn ber store, flotte bartar. Når selen let barten gro, veit han at dei ekstra hårstråa i ansiktet er viktige. Dei kan hjelpe han med å sjå.

Sel (Ingressbilde) Selen barberer seg aldri. Då ville han nemleg blitt blind i mørket. Foto: GV-PRESS

Dei 100 hårstråa rundt snuten til selen har heilt spesielle eigenskapar. Når selen luffar rundt i havet like under havskorpa, bruker han auga til å navigere med.

Ser i mørkret

Sollyset hjelper han både til å finne mat og få auge på fiendar. Når selen sym mot store djupner, rekker ikkje sollyset lenger ned. For kvar meter han legg bak seg, blir det mørkare og mørkare. På rundt 1000 meters djup er selen i totalt mørke. Likevel fangar han fisk med stor presisjon, og går kjapt i dekning for fiendar.

Nerveceller i kvar hårrot

Tyske forskarar har funne ut at selen ser med barten. Når andre dyr er i nærleiken, lagar dei trykkbølgjer i vatnet. Bølgjene får hårstråa til selen i rørsle, og rundt 1500 nerveceller i kvar hårrot sender hyppige beskjedar til hjernen om kva som kjem flytande forbi. Ein liten vennlegsinna fisk lagar til dømes heilt andre bølgjer enn ein stor hai. Og selen er ekspert i å kjenne forskjell.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-12