Knall og fall

Amerikanske forskarar har studert ein spesiell froskefamilie. Dei ser ut som froskar og hoppar som froskar. Men det å lande skjønar dei ikkje eit kvekk av.

Frosk (Ingressbilde) Froskar i familien Leiopelmatidae lander som regel på magen når dei prøver å hoppe. Foto: Scanpix

Av alle dei 3500 froskeartane i verda har dei aller fleste knekt koden både for hopping og landing. Men for nokre små, klumpete froskar i familien Leiopelmatidae er kvar landing ei smertefull oppleving. Som regel rett på magen med eit klask. Den dårlege hoppeteknikken kan froskane takke dei bedagelege forfedrane sine for.

Mageplask

Vi går langt tilbake i tid. Rundt 250 millionar år. På denne tida vandra truleg froskane rundt på landjorda. Hoppe gjorde dei berre når det var heilt nødvendig - for å kome raskt vekk frå fiendar. Når froskane stort sett landa mjukt i kulpen sin, hadde dei ikkje behov for å trene opp ei perfekt landing. Eit mageplask i ny og ne kunne dei tole.

På jakt etter eit bytte

Nokre froskar ville derimot oppleve meir av verda, og labba vekk frå den trygge pytten. Men mot nye fiendar og nye byttedyr var det ikkje nok med eitt enkelt hopp. Dei la seg i hardtrening, og snart spratt dei bortover på jakt etter eit bytte eller på flukt frå ein fiende. Ved kulpen kunne ein framleis høyre mageplaska frå froskane som blei igjen.

Deiser i bakken

I svært isolerte område i verda vandrar etterkomarane framleis rundt. Framleis ekstremt gode på hopping, men hjelpelause når det gjeld landing. Forskarane trur at desse primitive froskane har tilpassa seg "knall-og-fall"-tilværet. Eit skjoldforma lag med brusk rundt bekken og ribbein er på plass for å verne indre organ når froskane deiser i bakken.

Publisert i Nysgjerrigperbladet nr. 1-12