Krakilske kråker

Kråker har god hugs, og er ekspertar på å kjenne att menneske. Spesielt menneske som er for nærgåande. Dette har amerikanske forskarar fått erfare

Kråke  (Ingressbilde) Kråker kan ha eit vengespenn på rundt halvmeteren. Foto: GV-PRESS

Dei amerikanske fugleforskarane fanga og ringmerkte ofte dei fjørkledde vennene sine. Når fuglane blei sette fri og flaksa av garde, ante forskarane fred og ingen fare. Men når dei seinare møttest igjen, var blikka frå kråkene mykje skarpare enn vanleg. Kråkene kjende dei nemleg att, og var på krigsstigen.

Rare hattar

Forskarane undra lenge på grunnen. Var det kleda, måten dei gjekk på, eller kanskje ansikta deira fuglane drog kjensel på? Dette måtte dei undersøkje. Først hadde forskarane på seg rare hattar og fargerike armband mens dei ringmerkte kråkene. Ansikta dekte dei godt til. Når dei seinare møtte kråkene att med same kostyma på, var det ingen av fuglane som brydde seg.

Hugsar ansikt

Forsøk nummer to gav derimot full klaff. Med ei holebuarmaske trekt godt ned over ansiktet fanga og ringmerkte ein av forskarane nokre kråker. Og nesten tre år seinare var ikkje holebuar-fjeset gløymt. Dei langsinte kråkene tolte framleis ikkje synet av maska, og det var det same kven av forskarane som hadde ho på seg. Forskarane slo fast at det er ansikta våre kråkene er kløpparar på å hugse.

Dei lurer no på om kråker også dreg kjensel på kattar og hundar som har vore nebbete mot dei, eller om det berre er vi menneske som bør skjule ansiktet vårt når det er krakilske kråker i nærleiken.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-10