Dei sovande kjempene

I Sesiadalen i dei italienske Alpane har forskarar funne restar av ein magma-sprutande supervulkan. Funnet kan hjelpe dei med å føresjå og varsle store vulkanutbrot i framtida.

Vulkan (Ingressbilde) Eyjafjallajökull på Island hadde utbrot i mars 2010. Lavaspruten stod nokre få hundre meter opp, og er berre for ein liten gulp å rekne mot ein supervulkan. Foto: GV-PRESS

Då vesle Eyjafjallajökull på Island hadde utbrot i mars 2010, var dette berre for ein liten gulp å rekne. I alle fall om ein samanliknar med oppstøytane til dei verkeleg store vulkanane.

Lavaspruten stod nokre få hundre meter opp, mens supervulkanane slyngjer lavaen rundt 50 kilometer opp i veret. Men det er heldigvis eit sjeldan syn. I snitt er det 100 000 år mellom kvart utbrot.

Plagsame gassar

Når du har luft i magen, lettar kroppen på trykket med ein solid promp. Viss trykket stig inne i jorda, prøver også den å kvitte seg med dei plagsame gassane. Når magmaen (ei suppe av smelta steinar) buktar seg som ein orm opp mot overflata, er han vanlegvis ganske flytande. Vassdamp, karbondioksid og svoveldioksid boblar då lett vekk.

Gloheit magma

Vanskelige ord:

Magma: Smelta stein frå det indre av jorda
Lava: Når magmaen kjem ut i fri luft, størknar han og skiftar namn. Vi kallar han no for lava.

Av og til møter straumen av magma på hindringar slik at han stoppar opp. Den gloheite magmaen kan då få bergartane rundt til å smelte. Magmaen som var tyntflytande, tjuknar til, og gassane samlar seg i toppen av den glovarme smeltemassen.

Gjennom tusenvis av år dannar det seg store underjordiske basseng av tjukk, eksplosiv graut. Og når han til slutt pressar seg heilt til overflata, er det som å ta korken av ei rista brusflaske. Ein supervulkan eksploderer.

Eyafjallajökull (Hovedtekstbilde)Ein supervulkan slyngjer lavaen rundt 50 kilometer opp i veret. I snitt er det 100 000 år mellom kvart utbrot. Her er askeskya frå Eyjafjallajökull på Island.
Foto: GV-PRESS

Jordskorpa på høgkant

I Sesiadalen kan ein no studere innsida av ein 250 millionar år gammal supervulkan. Då kontinentplatene under Afrika og Europa krasja mot kvarandre for 30 millionar år sidan, blei nemleg jordskorpa under Sesiadalen skubba opp og hamna på høgkant. Plutseleg kom reiseruta til magmaen fram i lyset.

Buktande gangar

Forskarane studerer no dei buktande gangane som strekkjer seg 25 kilometer ned gjennom jordskorpa. Dei håpar å kunne finne ut korleis eit utbrot oppstår, og kunne føresjå og varsle om nye utbrot i god tid.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-10