Språklege sprell

Visste du at det finst omkring 6000 ulike språk i verda? Nokre har ord utan vokalar, mens andre manglar ord for tal og fargar. Nysgjerrigper har snakka med språkforskar Rolf Theil, som serverer språklege godbitar frå heile verda.

Rolf Theil med snakkeboble (Ingressbilde) Rolf Theil er språkforskar.

Rolf Theil interesserte seg tidleg for språk. Som liten las han ordbøker medan kameratane las barnebøker. Rykta vil ha det til at han meistrar 50 av dei 6000 språka som finst i dag. Nedanfor serverer han språklege godbitar for kvar ein smak.  

Det eldste alfabetet

Kileskrifta frå Mesopotamia er rundt 5000 år gammal. Kileskrifta har fått namnet sitt frå teikna som var forma som vinklar og spissar.

Språket med flest lydar

Dei som snakkar språket xóõ, i Kalahari-ørkenen i Afrika, klarar å lage rundt 150 ulike lydar med munnen. Kor mange ulike lydar klarar du?Språkillustrasjon (Hovedtekstbilde)

Utan å røre på leppene

Klarar du å snakke utan å røre på leppene? Det gjer dei som snakkar mohawk i Canada. Språket består berre av lydar som dei kan uttale utan å røre på leppene. Dei snakkar nesten som buktalarar, og det er umogleg å lese på leppene deira kva dei seier.

Språket mandarin (Hovedtekstbilde)

Største språk

Språket mandarin frå Kina er det språket som flest i verda snakkar. Over éin milliard menneske  snakkar språket, men det er nesten berre andre kinesarar som skjønar det.

Språket du når lengst med

Nesten kvar du reiser i verda, kan du snakke med folk på engelsk, sjølv om "berre" 400 millionar menneske har det som morsmål. 

Seier mest takk

Nordmenn blir ofte sedde på som uhøflege, men vi er av dei som seier oftast "takk". Engelsk koffert (Hovedtekstbilde)

Takkar for sist

Det er berre folk frå Norden som "takkar for sist".

Språk utan vokalar

Har du prøvd å rope høgt ord utan vokalar (syngje-bokstavar)? På det marokkanske språket tashlhit er ord utan vokalar vanlege. Ord som "tskrt" betyr "du gjorde", og  "xdmgh" betyr "eg arbeidde".

Flytt deg austover!

På det australske språket guugu yimidhirr seier ein aust og vest i staden for høgre og venstre. I baksetet på ein bil kan ein gjerne høyre: Eg sit så trongt, kan du flytte deg litt austover?
Spørsmålstegn (Hovedtekstbilde)

Språket som manglar flest ord

Det søramerikanske språket pirahã, som blir snakka av indianarar i Amazonas, har ikkje ord for tal og ikkje ord for fargar. Pirahã-folket lever heilt isolert frå omverda. 

Land med flest språk

På Papua Ny-Guinea blir det snakka rundt 820 språk. På øya bur det om lag like mange som i Noreg, men ein finn 15 prosent av alle språk i verda der. Det er med andre ord store sjansar for at du ikkje skjønar kva naboen seier. 

Same ord for mange personar

På det søramerikanske språket pirahã kan ordet baíxi bety både mor, far, bestemor og bestefar. 

Inngåande pust

Søramerikansk språk (Hovedtekstbilde)Norsk og svensk er mellom dei få språka i verda der vi kan snakke medan vi pustar inn. Vi seier ofte "ja" og "nei" på inngåande pust. Mange utlendingar synest det læt veldig rart og lurer på om dei som seier det, har ein halssjukdom!

Språket som er vanskelegast å skrive

Utan tvil japansk!

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-10