Krokodiller med fuglepust

Forskarar har funne ut at krokodiller pustar som fuglar. Sjølv om dei er veldig ulike på utsida, pustar og pesar dei med nesten heilt like pusteapparat. Apparatet har dei begge arva av ein gammal slektning, archosauren – som også var ein eldre slektning av dinosaurane.

Krokodille (Ingressbilde) Foto: Shutterstock

Forskarar har lenge vore fascinerte av fuglane sin måte å puste på. Mens vi menneske har luftrør som er sette saman slik at vi må puste både inn og ut, klarer fuglane seg med å puste inn. Dette gir dei store fordelar. I sterk motvind klarar desse luftbaronane å puste roleg og beherska. Og på tur over høge fjelltoppar pustar dei lett i den tynne lufta.

Einvegspusting

Lenge har ein trudd at det var fuglane som hadde funne opp denne einvegspustinga. No viser det seg derimot at dei må dele æra og eigenskapen med dei store, skjelkledde slektningane sine, krokodillene.  I tillegg har dei ein felles forfar å takke.

Redda av pustemaskineriet

Nær rota på slektstreet har forskarane altså funne ein eldgammal slektning som er forfar både til dinosaurar, fuglar og krokodiller. Archosauren levde for 250 millionar år sidan, mange millionar år før dinosaurane kom trampande over landjorda. Archosauren overlevde i tøffe, oksygenfattige tider på jorda. Og det var det unike pustemaskineriet som redda han. Han klarte nemleg å vere aktiv og jakte, sjølv om det var lite oksygen i lufta.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-10