Balansekunstnar på slakk line

Studerer du edderkoppen nøye, ser du at han har tjukt med stivt hår på dei åtte beina. For edderkoppen kan hårveksten vere forskjellen mellom liv og død.

Edderkopp (Ingressbilde) Agiope lobata er ein edderkopp som lever sør i Europa, i Afrika og i Asia. Foto: GV-PRESS

Edderkoppen kan sine saker. På få minutt spinn han saman eit nærmast perfekt nett som får til og med ei heklande bestemor til å måpe. Men han har eit aldri så lite problem. Han har laga eit nett for å fange andre insekt, og står sjølv i midten av si eiga felle. Eller? 

Klissete masse

Edderkoppen er ein luring. Først spinn han nemleg eit uklissete nett forma som eit vognhjul med eiker inn mot midten. Deretter pyntar han nettet med "kakeglasur". Han legg nemleg ein limtråd over, forma som ein spiral. Så dryper han små, klissete limdropar på tråden, med bitte små mellomrom. Og i mellomromma er det trygt og klissefritt for edderkoppen å gå.

Tre tynne klør

Her vandrar han bortover på alle åtte med balanseevner som ein sirkusartist. Heile tida er han påpasseleg med ikkje å kome borti den sleipe guggen. Og skulle han kome borti, så sit han sjeldan fast likevel. Tre tynne klør på kvar fot med tynt, stivt hår på gjer at han lett kjem seg laus. Då er det verre for dei små insekta som ikkje kjenner til edderkoppens fiffige dobbeltnett. Dei ligg hjelpelaust fanga i spinn og klister.

Inspiserer byttet

Den norske husedderkoppen er ein eminent spinnar, men han kjører klisterfritt. I staden brukar han tida til å brodere fine små lykkjer i netta. Og dei er så langt frå berre til pynt. Edderkoppen har nemleg ein plan.

Med list og lempe lokkar han fluger inn i nettet sitt, og i dei små lykkjene blir dei ståande bom fast. Nesten som i eit borrelåsband. Husedderkoppen, derimot, kan vandre trygt bortover nettet. Han har tjukt med hår på leggene, og då festar ikkje borrelåsen seg. Nok ein gong er det dei hårete beina som reddar edderkoppen frå å gå i si eiga felle.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-10