Steinatlas

Korleis kan vi sjå forskjell på ulike steinar? Visste du at steinar og berggrunn blir skapte på tre ulike vis? I steinatlaset under kan du lære meir om desse!

04. jun 2010 06:00
rombeporfyr Rombeporfyr

 

Størkna stein

Størkna stein er steinsmelte som altså er størkna til stein.

Kjenneteikn: korna, prikka.

konglomerat (Hovedtekstbilde)Konglomerat

Døme på størkna stein er granitt og rombeporfyr.

 

Lagdelt stein

Lagdelt stein er sand, grus eller leire som er limt saman til stein.

Kjenneteikn: fossilt, delt i lag.

Døme på lagdelte stein er konglomerat og skifer.

gneis (Hovedtekstbilde)Stripa gneis

 

Forandra stein

Forandra stein er stein som er blitt varma og pressa.

Kjenneteikn: stripa, folda.

Døme på dette er folda gneis og stripa gneis.

Gransk ein stein!

Steinatlaset er laga av Naturfagsenteret, og er henta frå nettstaden http://www.naturfag.no/. Her finn du óg fleire typar atlas. Bruk søkefeltet for å finne fram til desse.

Last ned steinatlaset som pdf-fil her!

Du kan óg granske stein du finn sjølv. Prøv deg på forsøket "Unike steiner" i vår Forskerfabrikk. 

Geologi  

Geologi er læra om jorda sitt opphav, oppbygging, forandring og historie. Kunnskapen blir nytta for å finne verdifulle mineral, olje og gass. Geologi er også viktig for å kunne vurdere risikoen for jordskjelv, ras eller liknande naturfenomen.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-10