Skrekk og gru!

Ekle edderkoppar, svimlande stup eller skarpe smell kan få det til å gå kaldt nedover ryggen. Hjartet dundrar, hendene sveittar, og armane får ståpels. Kva i all verda er det som skjer når vi blir redde?

18. mai 2010 06:00
redd jente edderkopp Folk kan frykte alt mogleg, frå knappar til kyllingar. Men det er mykje vanlegare å ha høgdeskrekk enn høneredsel. Her er nokre ting som mange er redde for: slangar, edderkoppar, høgder, vatn, store menneskemengder, små og lukka rom, det å snakke framfor ei forsamling.

Frykt er ei forunderleg greie. Ein hårete edderkopp i senga eller eit kjempebrak kan få kroppen til å oppføre seg merkeleg. Hjartet dundrar, pusten kvin, og du grøssar av kulde. Samtidig silar sveitten. Munnen blir knusktørr, musklane dirrar, og huda nuppar seg over heile kroppen. Kva skjer med kroppen?

Slåst eller stikk

Sjølv om frykta kan vere temmeleg ubehageleg, er ho ei av mennesket sine beste venner. Den gongen folk levde ute i naturen, var det frykta som redda dei frå giftige kryp, lurande rovdyr og dødelege steinras.

Frykta fekk kroppen til å førebu seg lynraskt på kva som måtte gjerast: slåst for livet eller stikke vekk i rakettfart. Mykje av det underlege som hender i kroppen, gjer oss flinkare til akkurat dette.

Klar, ferdig...

edderkoppFoto: 1-IMAGES.no

Skal du sprinte eller gi nokon juling, må beina og armane vere fulle av futt. Derfor går pusten i hundre for å hente inn massevis av oksygen. Hjartet dundrar for å pumpe både oksygen og ekstra næring ut til musklane i rekordfart.

Kroppen treng alt ledig blod for å halde musklane i gong. Derfor stoppar han fordøyinga - også produksjonen av spytt - og trekkjer blod bort frå magen. Det same skjer med blodet ytst i huda. Dermed blir huda kaldare, og du grøssar.

Dei fleste musklane i kroppen får beskjed om å vere klare. Sjølv dei bittesmå musklane rundt håra i huda er i heilspenn. Det er derfor håra reiser seg og du får gåsehud! Samtidig opnar kroppen opp sveittekjertlane, så du skal bli avkjølt mens du slåst eller sprintar som verst.

Gammal redsel - nye farar

Men stopp ein augneblink. Kor ofte har du kjempa eller spurta for livet i det siste? I dag treffer dei færraste av oss rasande rovdyr eller skumle ras. Når vi blir redde, treng vi ofte verken å rømme eller å banke opp nokon.

No til dags kan skrekken i kroppen vere meir til bry enn til nytte. Dersom du er redd for å halde tale framfor klassen, hjelper det jammen ikke mykje å stå der med dirrande musklar og tørr munn!

Samtidig er vi oftast ikkje særleg redde for dei verkelege farane. Bilar og sigarettar drep mange fleire folk enn slangar og edderkoppar gjer.

Kan skrekken vere medfødd?

Gjennom livet lærer vi å frykte farlege ting. Men kvifor er mange av oss redde for slangar og edderkoppar, sjølv om vi nesten aldri møter farlege kryp? Nokre forskarar trur skrekken kan vere noko vi er fødde med.

slange (Hovedtekstbilde)Foto: ShutterstockFor kort tid sidan gjorde nokre vitskapsfolk eit forsøk: dei fekk små barn til å leite etter skjulte figurar i bilete. Nokre gonger skulle dei leite etter slangar, andre gonger blomstrar, froskar eller kålormar. Då viste det seg at ungane oppdaga slangane mykje raskare enn dei andre figurane. Kanskje ein medfødd skrekk fekk dei til å vere ekstra merksame på skumle ormar?

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-10