Fram frå mørket

I den australske villmarka har forskarar funne 850 nye dyreartar. Under den gloheite ørkensanden viste det seg å vere eit yrande liv.

Phreatomerus latipes (Ingressbilde)

For 15 millionar år sidan byrja det australske kontinentet å tørke ut. Småkryp som var vande med eit fuktig klima, måtte flytte på seg.

Midt inne i den australske ørkenen, langt frå kysten, var det berre éin utveg: Dei gjekk rett og slett under jorda.

Åleine i millionar år

I grunnvatn og i små, underjordiske holrom fann dyra den fuktigheita dei lengta etter, og der har dei kost seg åleine i millionar av år. I totalt mørke. Lys såg dei ikkje før australske forskarar brått peika på dei med lommelyktene sine.

Austrochiltonia

Og det var ein merkeleg flokk med dyr som møtte forskarane: Edderkoppar med knipetenger i staden for hoggtenner. Gjennomsiktige mark med lange bein. Og ein merkeleg vasskalv utan auge! Mange av dyra finst det ikkje maken til nokon stad. Dei fleste manglar pigment (fargestoff) i huda, og mange av dei er blinde.

Og korleis kommuniserer dyra med kvarandre? Ved hjelp av vibrasjonar!

3000 nye namn

Forskarane har så vidt starta på arbeidet. Til no har dei funne 850 artar, men dei reknar med at over 3000 nye artar vil dukke opp før dei er ferdige. Og eit av problema til forskarane er: Korleis skal dei klare å finne på 3000 nye namn?

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-10