Jakta på kjærleiken

Du har kanskje sett TV-programmet "Jakten på kjærligheten", som handlar om bøndene som jaktar på kjærleiken og får friarar på besøk? Mange kjempar om å vinne hjartet til bonden og leve lukkeleg alle sine dagar. Men kjærleiken handlar om meir enn å være forelska.

kjærestepar (Ingressbilde) Foto: Marcell Leliënhof. Modeller: Emma Gilhuus og Emil Stenstad Selen. Fra boken "Morsomme, mystiske og magiske merkedager".

Det fins mange former for kjærleik. Berre tenk på kjenslene ei mor eller ein far har for barnet sitt. Eller nestekjærleik, som betyr at ein oppfører seg på ein måte som gler andre. Kjærleik skildrar ofte det vi føler for nokon vi er glade i. Men kjærleik gjer óg noko med kroppen din.

Kjærleik og forelsking

hjerteillustrasjon (Hovedtekstbilde)

Er kjærleik og det å vere forelska det same? Nokon har sagt at kjærleik er det som er igjen når ein ikkje er forelska lenger. Kva tyder det eigentleg?

Når vi forelskar oss, skjer det noko med oss. I kroppen startar ulike kjemiske reaksjonar, som får blodet til å gå raskare rundt. Hjartet slår raskare, og det kriblar i kroppen.

Adrenalin 

Det er hormonet adrenalin som har skulda. Adrenalin blir skilt ut i blodet, og blodårene utvidar seg. Det same skjer når du blir veldig redd. Men det er ingen grunn til å bekymre seg. Stormforelskinga gir seg litt etter kvart, og går kanskje over til kjærleik.

Avhengig av forelsking

Når vi er forelska, lagar hjernen eit signalstoff som heiter dopamin. Dette stoffet gjer at vi får energi og kjenner oss lukkelege. Kjærleik er ifølgje forskarane ei drivkraft som er like sterk som svolt og tørst.

Forelsking på hjernen

hjerteillustrasjon2 (Hovedtekstbilde)

Ein forskar undersøkte 17 forelska personar for å finne ut meir om korleis det å vere forelska påverkar hjernen. Han fann ut at folk som er forelska, brukar 80 prosent av tida dei er vakne til å tenkje på personen dei er forelska i.

Dersom du er vaken frå klokka 7 til 22 og har ein kjærast, tyder det at du tenkjer på han eller henne 12 timer i døgnet. Ikkje rart det er vanskeleg å konsentrere seg når ein er forelska.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-10