Hiv o'hoi

I minst 50 000 år har menneske kryssa hav utan land i sikte. Utviklinga har gått frå enkle flåtar til staselege seglskuter, frå båtar av skinn til karbonfiber. Kast loss og bli med på ein teknologisk båttur!

30. apr 2010 05:00

I dag kan vi reise med fly til alle stader på kloden. Då er det kanskje lett å tru at varer og gods også blir frakta med fly. Men faktisk er det slik at sjøvegen er mest brukt og best for miljøet. Ni av ti varer er frakta til oss med skip.

Kvar dag går det svære passasjerskip mellom Noreg og Danmark. Men dei første "danskebåtane" var på bølgjene for minst 4500 år sidan. Vi har ikkje funne nokon av båtane frå den gongen, men lengst sør i Noreg har vi funne dolkar av flint som må vere laga i Danmark.

Denne våren opna ei utstilling ved Norsk Maritimt Museum om skipet si historie. Den fortel ei spennande historie. Her viser vi deg litt av utstillinga:

Skipet Bourbon Orca (Hovedtekstbilde)Foto: Ulstein Group

Toler røft vér

"Bourbon Orca" er ein såkalla ankerhandterar. Eit slikt skip hjelper blant anna flytande oljeplattformer med å ankre opp ute på havet. Skipet er konstruert for å tole røft vêr og høge bølgjer. "Bourbon Orca" er laga i Noreg.

 

Den høgaste konstruksjonen som er flytt

Oljeplattform Troll A slepes ut (Hovedtekstbilde)Foto: NORSK FLY OG FLYFOTO/STATOIL

Oljeplattforma "Troll A" blir dregen av taubåtar med veldige krefter for å kunne trekkje og skyve. Plattforma er eit sant troll og veg utrulege 656 000 tonn. Ho er den høgaste konstruksjonen som er flytt på jorda. Plattforma er 472 meter høg.

 

 

Modell av solcelledrevet skip Orcelle  (Hovedtekstbilde)Foto: ILL: WILH. WILHELMSEN

Miljøvennleg skip

"Orcelle" er ein modell av eit miljøvennleg skip som blir drive av sol, vind og bølgjer. Skipet er ikkje laga enno. "Orcelle" er oppkalla etter ein delfinart som er utryddingstrua.

 

 

 

Populær cruisefart

Royal Carribeans skip Oasis of the Seas (Hovedtekstbilde)Foto: ROYAL CARIBBEAN LTD.

Det er over 100 år sidan cruisefarten starta i Noreg. Dei første turistane segla til Svalbard. Men det var på slutten av 1960-talet at det å reise på cruise vart verkeleg populært. Eit av dei første spesialbygde skipa heitte "Song of Norway". Skipet hadde plass til 724 passasjerar og segla i tropiske farvatn.

I dag er dei største cruiseskipa på storleik med norske småbyar. Det hittil største vart sjøsett like før jul. "Oasis of the Seas" har plass til 5400 passasjerar. Skipet er 360 meter lang. Det er tre gonger lenger enn Noregs høgaste bygning, Oslo Plaza. Skroget på eit cruiseskip er firkanta og har kjøl på kvar side. Det gjer at skipet kastar mindre på seg i sjøen, flyt som ein balje og bevegar seg langsamt.

Hurtigbåten Tidebaronessen (Hovedtekstbilde)Foto: BRØDRENE AA

Lettare båtar

Aluminium, plast og glasfiber vart vanleg i førre hundreår. Aluminium er mykje lettare og meir formeleg enn stål. Desse båtane bruker mindre drivstoff, som er bra både for miljøet og økonomien. Båtar av plast og glasfiber revolusjonerte båtbygginga. Med eitt kunne ein støype båtar i former som kunne brukast om igjen. Skroget er sterkt, og det er raskt og billig å lage båtane.

På 1980-talet fann ein opp eit endå lettare og supersolid materiale: karbonfiber. Hurtigbåten "Tidebaronessen" er ein slik båt. Båten er like stor som Columbus' skip "Santa Maria", om lag 25 meter.

Svensk krigsskip Vasa (Hovedtekstbilde)Foto: GV-PRESS

Den store stoltheita til svenskane

Det svenske krigsskipet "Vasa" vart sjøsett i Stockholm i 1628. Skipet begynte å krengje og ta inn vatn før det hadde kome ut av hamnebassenget i den svenske hovudstaden. På få minutt sokk den store stoltheita til svenskane. Kong Gustav II Adolf ønskte seg nemleg eit ekstra dekk med tunge kanonar. Det vart fatalt for skipet, fordi tyngdepunktet vart liggjande for høgt. I utstillinga på Norsk Maritimt Museum kan du spele eit dataspel som viser kvifor "Vasa" kantra.

 

Norges eldste bevarte båt, en stokkebåt (Hovedtekstbilde)Foto: M. TEISEN/NORSK MARITIMT MUSEUM

Noregs eldste bevarte båt

Dette er den eldste bevarte båten i Noreg. Han vart funnen på slutten av 1990-talet og er ein stokkebåt. Ein stokkebåt er laga av ein uthola trestamme. Båten var opphavleg 11 meter lang og vog omtrent to tonn. Stokkebåten er 2200 år gammal.

 

 

 

 

Columbus skip Santa Maria (Hovedtekstbilde)Foto: GV-PRESS

Kravellskip

"Santa Maria" heitte skipet Kristoffer Columbus segla då han oppdaga Amerika for over 500 år sidan. Skipet er eit kravellskip. I eit kravell-bygd skip ligg borda kant i kant og er lagde utanpå eit "skjelett", det såkalla spantet.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-10