Rrrrrrrrrrrrr!

Korleis seier du R? Rullar du, eller skarrar du? Den siste r-uttalen er visst lettast, og skarre-r-en har spreidd seg som eld i tørt gras i landet vårt dei siste åra. Vil det seie at alle i Noreg kjem til å skarre til slutt?

Bokstaven R (Ingressbilde) Skarrande Rrrr...
Det har ikkje alltid vore slik at folk skarrar på r-en i Noreg. Ikkje i Danmark eller Sverige eller i andre europeiske land heller.

Forskarane trur det heile begynte i Paris på 1600-talet, og at skarre-r-en spreidde seg med den populære parisarfransken frå storby til storby i Europa. Til København i Danmark kom han først på 1780-talet, og herifrå "hoppa" skarre-r-en til Bergen og byane på Sørlandet i Noreg.

Bokstaven R (Hovedtekstbilde)Rullande R

Ny lyd

- Skarre-r-en er ein ganske ny lyd i språkhistoria, fortel Arne Torp. Han held til på Universitetet i Oslo og forskar på korleis skandinaviske språk utviklar seg. Han veit særleg mykje om r-lyden, og for ikkje lenge sidan skreiv han ei heil bok om berre denne lyden!

Torp fortel at skarre-r-en har utvida området sitt veldig dei siste 70 åra. I heile Danmark skarrar folk no, og i Noreg har skarre-r-en spreidd seg raskt, særleg på Vestlandet. Der har han rykt fleire hundre kilometer framover.

Dette har fått somme til å meine at heile landet vil skarre på r-en om ikkje altfor lenge. Dette trur ikkje språkforskaren noko på.

Bokstaven R (Hovedtekstbilde)Har du ein skarrande eller ein rullande R?

Vaksine mot skarre-r

- Det som er merkeleg, er at skarre-r-en har spreidd seg mykje på Vestlandet, mens han nesten ikkje har rikka seg i andre område, som for eksempel der eg kjem frå, nemleg utmed kysten i Aust-Agder, seier Arne Torp.

Han har ein teori om kvifor det er slik. Han meiner at ein annan type r-uttale verkar som ein vaksine mot skarre-r-en. Når skarre-r-en kjem til område i landet der folk har denne r-uttalen i dialekten sin, blir han stoppa. Kva for r-lyd kan dette vere?

Norgeskart over R sine ulike uttrykksformerKartet viser kvar i Noreg R uttrykkast som rullande og skarrande.

Lyden som verkar som vaksine mot skarre-r-en, har eit vanskeleg namn. Språkfolk kallar det ein retrofleks. Du kan prøve om du har retrofleks uttale i dialekten din ved å seie ordet "surt". Seier du det med fire skilde lydar, slik: s + u + r + t ? Eller trekkjer du r og t saman så det blir "su(r)t"? Gjer du det siste, har du retrofleksar i dialekten din. Da bur du til dømes på Austlandet, i Trøndelag, i Nordland, eller kanskje i Ålesund. Seier du "surt" med tydelig r, har du ikkje retrofleksar. Kanskje du allereie skarrar på r-en?

Kamp på Vestlandet

Arne Torp trur skarre-r-en vil halde fram med å spreie seg til nye område der folk ikkje har retrofleksar, mens han vil stoppe opp dersom retrofleksane er på plass. Torp trur at alle i Noreg til slutt anten vil ha retrofleksar eller skarre-r.

Retroflekse lydar

Ein språklyd der r trekkjer seg saman med konsonanten som kjem etter han. Retroflekse lydar blir uttala med tunga bøygd bakover (retrofleks = bakoverbøygd), slik at undersida av tungespissen møter gommen i overmunnen.

Utviklinga på Vestlandet er spennande og vil vise om språkforskaren har rett! Der er det nemleg framleis nokså store område der dei unge har rulle-r, men ikkje retrofleksar i dialekten sin. Vil det endre seg i neste generasjon, tru? Og kven vil i så fall vinne? Skarre-r-en eller retrofleksane?

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-09