Sudokupremiar

Nysgjerrigper sin sudoku er populær. Barn og vaksne i alle aldrar har prøvd seg på sudokubretta i februar, og i dag presenterer vi vinnarane!

13. mar 2009 07:00
sudokubrett

Ein kan vel trygt seie at Nysgjerrigper sin sudoku passar for alle. Denne gongen var yngste deltakar 9 år, medan den eldste var over 70 år gammal. 

Innpakka overraskingar

I dag premierer vi både ein vestlending og ein nordlending. Ingunn Gjærde frå Nedstrand i Hordaland, kan gle seg til ei godt innpakka overrasking frå Nysgjerrigper i postkassen. Den andre premien sender vi til Beisfjord i Nordland, og den heldige mottakaren er Johannes Sundby Zuihoek.

Er du allereie klar til nye utfordringar? Rykande ferske brett ligg klare for deg. Blir det junior- eller seniorbrettet denne gongen? Eller kanskje begge to?

Her kan du prøve deg på dei nye sudokubretta.