I Darwin sine fotspor

Tre unge biologar frå Noreg tykkjer at Charles Darwin er så kul at dei har følgt i fotspora hans i mange månader.

Jens Ådne med grashoppe (Ingressbilde) Jens Ådne med ei grashoppe i regnskogen.

Tarantellar, beltedyr, elefantskjelpadder, haviguanar og skorpionar. Dette er berre nokre av dei mange skapningane Darwin møtte på si fem år lange reise. Desse har også Jens Ådne Rekkedal Haga, Kjetil Lysne Voje og Tore Oldereid Elgvin møtt dei siste månadene.

Jens Ådne og Kjetil ved eit digert tre i Amazonasregnskogen (Hovedtekstbilde)Jens Ådne og Kjetil ved eit digert tre i Amazonasregnskogen.

Dei unge biologane er veldig opptekne av Darwin. Men dei lurte på: Kva var det som gjorde at han klarte å forstå så mykje av verda rundt seg? Den beste måten å finne ut det på, er å reise i fotspora hans, fann dei ut.

Åtte månader på tur

I åtte månader har dei reist på kryss og tvers av Sør-Amerika med Darwin sine 175 år gamle dagboknotatar under armen. Dei har jakta på dei same dyra, plantane og naturopplevingane som han blei inspirert av.

Lær meir om Darwinekspedisjonen 

Darwinekspedisjonen har fortalt om opplevingane sine gjennom til dømes Newton, Facebook, YouTube og blogg. Dei har filma heile tida, og i november kjem det ein dokumentarserie på TV om opplevingane deira.

Vil du vite meir om Darwin og Darwinekspedisjonen kan du sjå på desse nettstadene:

blogg.nrk.no/darwin

www.nrk.no/programmer/
tv/newton/1.6319431
 

http://www.charlesdarwin.no/


På fødselsdagen til Darwin 12. februar stoppa ekspedisjonen. Då feira dei 200-årsbursdag på Galápagosøyene. Dette var ein av dei mest spennande stadene Darwin besøkte på si fem år lange reise. Her finst det ei rekkje artar som ikkje lever andre stader på jorda, til dømes dei gigantiske skjelpaddene som har gitt namnet sitt til øygruppa.

Det som har imponert gutta i Darwinekspedisjonen mest, er at Darwin i notatane sine heile tida spør: Kvifor? Kvifor er denne planten eller dyret blitt akkurat sånn som dette? Kvifor var artane han fann på kvar øy like kvarandre, men på same tid ulike?

Tore med frosk på linsa (Hovedtekstbilde)Tore med frosk på linsa!

Darwin var ein retteleg Nysgjerrigper. Han gav seg ikkje før han hadde funne eit svar. Og svara skriv han mellom anna om i den berømte boka "Artenes opprinnelse".

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-09