Darwin skapte rabalder

Charles Darwin tykte at skulen var kjedeleg. Ikkje var han noko skulelys heller. Likevel blei han verdas mest berømte naturforskar.

Tropisk landskap (Ingressbilde) Stoppet på Galápagos-øyene var eit av dei viktigste på Darwins reise. FOTO: 1-IMAGES.NO
Det var vanskeleg å konsentrere seg om å lese latin når flugene surra i vindaugskarmen. Det som levde ute i naturen var så mykje meir spennande enn skulefaga. Charles Darwin elska nemleg å samle steinar, plantar og insekt av alle slag.


Ein dag, då Charles var 22 år, fekk han eit brev i posten som nok fekk hjartet til å hoppe i brystet hans. Ein av hans gamle lærarar, som hadde lagt merke til at han var spesielt interessert i naturen, lurte på om han hadde lyst til å vere med på ei jordomsegling som naturforskar! Gjett kva Charles svarte?

Charles Darwin (Hovedtekstbilde)Her ser du Charles Darwin som gamal.
Foto: 1-IMAGNES.NO

Grubla lenge

Dette skulle bli den einaste lange reisa Charles Darwin gjorde i løpet av sitt liv. Men ho varte til gjengjeld i fem år. Reisa jorda rundt med skuta "HMS Beagle" gjorde han frykteleg sjøsjuk. Men reisa gjorde han også til verdas mest berømte vitskapsmann.

Då skuta la til kai i England etter fem års reise rundt jorda, hadde unge Darwin med seg massevis av plantar og dyr - og masse tankar og notatar. Så sette han seg ned og grubla i mange år før han gav ut boka "Artenes opprinnelse" som blir rekna som den viktigaste fagboka som nokon gong er skriven.

Forskningsdagene

Forskningsdagene er en nasjonal, årlig festival for forskning ledet av Norges forskningsråd, og varer fra 18.-27. september i år. Du kan få med deg foredrag, demonstrasjoner, debatter, teater, revy, torgboder og konkurranser over hele landet. De fleste arrangementene er gratis for publikum.

Årets tema er blant annet evolusjon, og i den forbindelse handler mange arrangementer om Darwin.

Se nettsidene til Forskningsdagene for mer informasjon og program.

I denne boka fortel han om det som seinare er kalla evolusjonsteorien. Han forklarar korleis alle levande vesen på jorda har utvikla seg gradvis gjennom millionar av år.

Mange blei sinte

Charles Darwin var ein stille og beskjeden mann. Men likevel har få klart å lage så mykje bråk som han! Mange blei rasande då han gav ut "Artenes opprinnelse". Her påstår han nemleg at alle levande vesen på jorda er i slekt. Vi menneske er i slekt med både apar, bakteriar og meitemarkar.

Du har nok høyrt dette før. Men då Darwin skreiv dette for 150 år sidan, skapte det rabalder, kan du tru. Det er jo Gud som har skapt oss menneske! Korleis kan han hevde noko anna!, sa folk.

Enkelte lo av han. Korleis skulle vi, som er tenkjande, intelligente vesen, vere i slekt med ein meitemark? Liksom!

Livets tre

Darwin såg føre seg at alt liv på jorda var som eit tre. Dette treet spring ut frå ein eller annan enkel og primitiv skapning, ei slags urcelle. Frå stamma på treet veks det greiner i alle retningar. Hund, ulv, rev, hyene og alle variantar av hundar er eit eksempel på skot frå ei felles grein. Katt, gaupe, løve og tiger er eit eksempel på skot frå ei anna grein. Vi menneske sit ytst ute på kvisten av dyra si grein, meinte Darwin, saman med sjimpansane og bavianane.

Iguana (Hovedtekstbilde)Darwin studerte det fantastiske dyrelivet på Galapagós-øyene.
Foto: 1-IMAGNES.NO
Sjølv om enkelte er usamde med Darwin også i dag, er dei fleste naturforskarar over heile verda no samde om at han hadde rett. Bevisa er mange.

I dag meiner mange at det er fullt mogleg å tru både på Gud og Darwin. Darwin skildrar jo berre korleis livet på jorda har utvikla seg, men han seier ikkje noko om kven som har skapt sjølve livet.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-09