Det er Noreg i raudt, gult og oransje!

Har du sett rundt deg på alle dei fine haustfargane? For få veker sidan hadde trea grøne blad, men no finn du dei både i raudt, gult og oransje! Kva har eigentleg skjedd?

Hausttbilete (Ingressbilde)

Når det blir kaldare og mørkare om hausten førebur både dyr og plantar seg til ein kald vinter. Nokre dyr samlar saman mat som dei kosar seg med gjennom den kalde årstida, og nokre ligg i dvale for å spare på næringa.

Lagrar næring i "kroppen"

Også trea i skogen samlar opp næring i "kroppen", slik at dei overlever vinteren. For å kunne leve normalt må trea ha tilgang på vatn frå bakken og sollys. Dersom dei får for lite av éin av delene, kan dei ikkje lage seg mat. Og utruleg nok er det blada som styrer på kjøkkenet, og lagar nok mat til eit stort tre!

Små fabrikkar som lagar mat

Ein kan samanlikne blada med små matfabrikkar. Gjennom røtene sine syg treet opp vatn frå bakken. Blada tar opp gassen karbondioksid frå lufta. Når blada får sollys på seg, blir det laga ein type sukker som trea brukar som mat. Eit stoff i bladet som heiter bladgrønt eller klorofyll miksar det heile saman til sukker eller glukose, og det heile kallar vi for fotosyntese.

Kvifor skiftar blada farge?

Lønneblad (Hovedtekstbilde)Foto: John Foxx images

Når det går mot vinter, slår trea av fabrikkane sine fordi det minkar på både vatn og sollys, og klorofyllet forsvinn då frå blada. Då skiftar plutseleg blada farge til gult eller oransje. Kan det vere magi? Nei, både gulfargen og den oransje fargen er i blada heile tida, men vi kan ikkje sjå fargane om sommaren. Då er dei dekte av det grøne klorofyllet.

Nokre blad blir raude

Har du sett at blad av og til kan bli raude? Forskarar har lenge lurt på korleis dette kan ha seg. Der er nemleg ikkje raudfarge i blada frå før, så denne fargen blir danna om hausten. Kvifor brukar treet mykje energi på å lage raudfargen?

Fuglar sprer frukt eller frø

Nokre forskarar trur at fargen skremmer vekk skadelege insekt som har lyst til å overvintre på treet. Andre har teoriar om at raude blad trekkjer til seg fuglar. Desse fuglane hjelpe planta med å spre frukter eller frø.

Solkrem - ikkje berre for menneske

No har nokre forskarar kome fram til at raudfargen fungerer som solkrem! Fargen beskyttar blada i dei siste vekene før vinteren set inn, slik at dei ikkje fell av treet for tidleg. Slik kan mykje av næringa som er i blada bli redda og sendt til vinterlageret i treet. Då kan treet stå endå betre rusta til ein kald, gufsete vinter.

Kjelder: www.forskning.no og Caplex