Utanomjordisk liv

Korleis kan livsformer på andre planetar sjå ut? Kunstnarar har prøvd å tenkje seg svaret, etter idear frå astronomar, andre forskarar og science fiction-forfattarar.

Viss du ønskjer å se nærmare på bileta, så kan du klikke på dei. Då dukkar det nemleg opp større versjonar av bileta.

Svak tyngdekraft

Planetar som er lettare enn jorda, har svakare tyngdekraft og tynnare, kaldare atmosfære. Her treng ikkje planter og dyr så sterk kropp for å stå imot tyngdekrafta, og dei kan vekse seg høge og tynne. Men dersom ein slik planet er altfor liten, vil den etter kvart misse mykje av atmosfæren og bli til ei aude verd, slik som Mars.

  

Sterk tyngdekraft

Isdekt planet. Planetar som er tyngre enn jorda, har sterkare tyngdekraft og tettare atmosfære som gir stort lufttrykk. Dyr og planter her ville ha utvikla ein kraftig, sterk og ikkje spesielt høg kropp. Eit menneske som landa her, kunne bli knust av det store trykket. På slike klodar ville livsformene kanskje foretrukke å leve i vatn, som verkar mot effekten av det høge trykket.

 

Isdekte planetar 

Isdekt planet. Forskarane trur at jupitermånen Europa er dekt av islagt hav. På slike klodar trur ein at det kan utvikle seg liv rundt opningar på havbotnen der varmt vatn og mineral strøymer ut, slik vi ser det i djuphavet på jorda. Livsformene som blir utvikla her, liknar kanskje på havdyra på vår eigen planet. Dei vil ikkje trenge lys for å få energi.


Gasskjempar 

Mange av planetane som til no er oppdaga utanfor solsystemet, er store gasskjempar som minner om Jupiter. Her tenkjer forskarane seg at liv kan bli utvikla høgt oppe i atmosfæren. Lenger nede i atmosfæren vil både trykket og temperaturen vere for høge. Slike livsformer svever kanskje rundt ved hjelp av flyteblærer, slik havdyr gjer det på jorda.

Andre grunnstoff 

Livsformene vi kjenner fra jorda, er bygde opp av karbonhaldige stoff. Men på enkelte planetar fins det kanskje ikkje så mykje karbon. Der tenkjer forskarane seg at liv kan vere basert på eit anna grunnstoff som har mange eigenskapar til felles med karbon, nemleg silisium. Slike livsformer ville ha sett krystalliske eller gummiaktige ut, og dei ville kunne ete stein. Dei ville óg tole veldig høg varme og radioaktiv stråling - og kunne overleve på klodar som er mykje mindre gjestmilde enn vår.

Plasma 

Forskarar har óg spekulert på om det kan finnast liv forma som plasmavesen. Plasma er ei gassform som finst i mellom anna fluorescerende lamper, lyn, nordlys og stjerner. Forskarane tenkjer seg at det kan finnast plasmavesen som kan formeire seg og til og med oppføre seg "intelligent". Slike vesen kan ha blitt til i dei ytre laga på stjerner eller på planetar som held på å bli danna.

Gasskyer

Den svarte skya er ein science fiction-roman som er skriven av astronomen Fred Hoyle. I boka kjem det ei enorm gassky frå verdsrommet og legg seg mellom jorda og sola. Forskarar får kontakt med skya, som viser seg å vere ei intelligent livsform. Dette var fantasi. Men Hoyle og kollegaen Chandra Wickramasinghe meinte for alvor at liv kan ha blitt til i store gasskyer ute i universet, som organiske "livsfrø". Desse kan så ha blitt fordelte på planetar og månar via kometar og meteorittar. Denne teorien, som blir kalla panspermia, ber i seg at vi alle stammar frå framande livsformer.

Alle illustrasjonar som er nytta i denne artikkelen er frå C. Darkin/SPL.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-08