Korleis verkar øyret?

Øyret er som eit isfjell. Berre litt av det er synleg for omverda. Kva skjuler seg eigentleg under overflata?

10. feb 2008 06:00

Øyret, indre øyret FOTO: Shutterstock.com

Øyret er på ein måte delt i 3 delar. Ytterst har vi delen av øyret som vi kan sjå med auga. Denne delen er stort sett laga av hud og brusk, og har som oppgåve å verne dei indre delane av øyret mot vatn og andre framandelement.

Trommehinna vibrerer

Når bølgjer av lyd passerer det ytre øyret, får dei trommehinna til å vibrere. Desse vibrasjonane forflyttar seg gjennom mellomøyret via tre bein. Desse kallar vi hammaren, ambolten og stigbøylen. Til slutt når vibrasjonane det ovale vindauget i veggen på sneglehuset, lengst inne i det indre øyret.

Dyppa i bevegeleg masse

I sniglehuset har vi mange nerveceller, som eigentleg er små flimmerhår. Dei er dyppa i bevegelig gelémasse og blir sette i rørsle når dei blir treft av lydbølgjer. Når dei kjem i rørsle, blir det sendt elektriske impulsar til hjerna, som hjerna oppfattar som lyd.