Møte med ein fortidsskapning

Sei hei til dolkhalekrabba - ein skapning som levde på jorda allereie eit par hundre millionar år før dinosaurane entra jordkloten. Krabba er her framleis!

28. jan 2008 06:00

Dolkhalekrabbe. FOTO: TERJE STENSTAD, NYSGJERRIGPER 4-07Dolkhalekrabba er eit av dei eldste dyra som lever på jorda. Forkroppen har form som ein svær hjelm, medan bakkroppen endar i ein lang tagg. Ho er eit leddyr, med bøyelege parti mellom ledda på kroppen og vedhenga. Det fins fire nolevande artar. FOTO: TERJE STENSTAD

Ein varm novemberdag i fjor oppdagar eg noko merkeleg som rører seg i det grunne vatnet under meg på bryggja, der eg ligg og slumrar i sola. Eg må fortelje at eg oppheld meg på heilt andre breiddegrader enn våre eigne - i Key West i Florida, den sørlegaste byen i USA. I den same bukta har eg like før sett to digre haiar forville seg inn fire meter frå land! Vel, dette er noko heilt anna: Det er som ein diger militærhjelm som lear på seg... men kva med den rare halen?

Spanande møte

Med hjartepumpa godt i sving spring eg etter hoven, som strengt tatt berre skal brukast til å reingjere svømmebassenget. Eg greier å fange dyret som er så tungt at hoven bøyer seg. Under "hjelmen" er det fullt av sprellande klør, og den lange, spisse halen roterer alle vegar. Det er noko skremmande med dyret, og eg trur det er best å ikkje ta på det. Kanskje er halen giftig? Etter ein rask fotoseanse slepp eg dyret tilbake i havet. Det forsvinn i rakettfart, og eg ser det aldri igjen. Eg har aldri sett eit så merkeleg dyr. Noko reint forhistorisk...

Trilobitt-slektning

Ordet forhistorisk skulle vise seg å vere svaret på møtet der på bryggja. Eg hadde hatt æra av å treffe eit av dyra som har levd lengst på jorda, ein nær slektning av trilobitten: dolkhalekrabba. Det er funne fossil som viser at dyret har levd i havet i minst 360 millionar år. Krabba krabba altså rundt i havet nesten 200 millionar år før dinosaurane dukka opp på jorda. Og det utrulege er at dyret i stor grad ser ut slik det såg ut for fleire hundre millionar år sidan!

Levande fossil

Forsker med dolkehalekrabbe. FOTO: GV-PRESS/SPL, NYSGJERRIGPER 4-07Dolkhalekrabba er det virvellause dyret i verda som er studert mest. Blodet er viktig i medisinsk behandling. Tre Nobelprisar er allereie gjeve til forskarar som har studert krabba. FOTO: GV-PRESS/SPL

Forskarar kallar gjerne dyret for eit levande fossil. Dei trur at dolkhalekrabba var ein av skapningane som dominerte livet i havet for fleire hundre millionar år sidan. Då levde det truleg mange ulike artar av krabba. I dag er det berre fire artar igjen. Den arten eg trefte, er den einaste som lever langs USA sin austkyst, frå Delaware-bukta og sørover. Tre andre artar lever mellom Japan og Indonesia.

Inga ekte krabbe

Eg hadde nok treft ei ho-krabbe av det største slaget (30 cm brei over skalet, ein halv meter lang), men trass storleiken og det skremmande oppsynet er ikkje dolkhalekrabba farleg. Halen er ikkje eit våpen, men krabba brukar den til å pløye seg gjennom sand og mudder, og for å snu seg viss ho skulle vere så uheldig å bli snudd opp-ned av ei bølgje eller noko anna. Trass navnet er ho ikkje ei krabbe, men i slekt med skorpionar og edderkoppar.

Ekstremt dyr

Dolkhalekrabba har overlevd på grunn av det harde, krumma skalet som har gjort det nesten håplaust for rovdyr å snu ho over. Krabba kan gå eit heilt år utan mat, noko som også har vore til god hjelp. Ho taklar dessutan ekstreme temperaturar og høgt saltinnhald i havet.

Forskarar sitt drømmedyr

Dolkhalekrabbe, underfra. FOTO: TERJE STENSTAD, NYSGJERRIGPER 4-07Under skalet er det fullt av sprellande klør. FOTO: TERJE STENSTAD

Slikt gjer dyret svært interessant for forskarar. Mykje av kunnskapen vi har om korleis augene våre fungerer, er resultat av studier av dolkhalekrabba sine store, samansette auge - studier som starta for meir enn 50 år sidan. Og krabba har ikkje mindre enn to par auge. Det er lett å halde ho i live i laboratoriet, noko som gjer ho til eit ideelt dyr for augeforsking. Forskinga på krabba sine auge har vore viktig for å skjøne seg på enkelte augesjukdommar, mellom anna sjukdommar som kan føre til at ein blir blind.

Blått blod

Dolkhalekrabba har blått blod som inneheld kopar. Blodet blir brukt i medisinar og er eit av dei viktigaste produkta som er utvunne frå eit marint dyr. Blodet kan brukast til å rense medisin for farlege bakteriar, og blir óg brukt for å utvikle bandasjar.

Nobelprisar

Dolkhalekrabba er det virvellause dyret i verda som er studert mest. Tre Nobelprisar er allereie gjeve til forskarar som har studert krabba. Kjennskapen til krabba sitt blod kan i framtida óg hjelpe romforskarar i søket etter primitivt liv på Mars og andre planetar.

Færre krabber

Dei siste åra har talet på krabber gått kraftig ned, mykje på grunn av overfiske. Ho er nemleg eit populært agn hos ålefiskarar. Men sidan krabba har overlevd i mange hundre millioner år, får vi satse på at ho overlever trass overfisket. Forskarar håpar på å få hjelp frå krabba i mange, mange år framover.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-07