Og på Nordpolen blir det sol...

Som dei fleste har merka, har vi i det siste fått merkbart lysare morgonar og ettermiddagar. Vi går mot lysare tider, og i dag markerer vi vårjamdøgn. Sola står i senit som det heiter, og dag og natt har same lengde. Forrige gong var ved haustjamdøgn 23. september.

21. mar 2011 07:00
Sol og blå himmel

Når sola står i senit, står aksen til jorda vinkelrett på linja fra sola til jorda. Dette skjer mellom nordlege og sørlege vendesirkel. Hendinga blir markert frå 20.-22. mars, alt etter kor i verda ein bur. Den offisielle dagen er derimot i dag, mandag 21. mars.

Sommartid til helga

For dei som ser fram til endå lysare ettermiddagar, blir det sommartid allereie frå førstkomande søndag. Då skrur vi klokkene fram ein time og kan glede oss til ein time lengre ettermiddagar. Samtidig står sola opp ein time seinare om morgonen.

pingvin

Evig sol og evig mørke

Medan vi på våre kantar har 12 timar dagslys og 12 timar mørke, er tilhøva litt annleis på polane våre. I desse dagar er det soloppgang på Nordpolen etter 6 månader med mørketid. Dei få som vågar seg inn i isødet, kan sjå fram til ein seks månaders samanhengande solperiode. På Sydpolen derimot, må pingvinane seie farvel til sola, og leite seg fram i mørket i 6 lange månader.

Påska til ulik tid kvart år

Medan vi feirer jul på same tid kvart år, har du sikkert merka at påska blir markert på ulike datoar frå år til år. Tidspunktet blir fastsett alt etter månefasene. Det har nemleg blitt bestemt at første påskedag skal vere første søndag etter første fullmåne etter 21. mars. Første fullmåne er i år den 18. april, og første påskedag blir dermed søndag 24. april.

Kjelde: Met.no