Storkjøkken frå jernalderen

Kva slags spor trur du arkeologane kjem til å finne etter oss om to tusen år? Det er ikkje alltid dei største bygningane og dei flottaste monumenta som er lettast å finne.

Bommestad, arkeologi. Grethe Bukkemoen og Lars Erik Gjerpe. FOTO: C. GUHNFELDT/SCANPIX, NYSGJERRIGPER 2-07Ved elva Lågen har arkeologane funne fem hundre kokegroper. Her er dei to sjefane for utgravinga Grethe Bukkemoen og Lars Erik Gjerpe i ferd med å undersøke funnet. FOTO: CATO GUHNFELDT/SCANPIX

På Bommestad har arkeologane funne fem hundre kokegroper. Sjølv om du aldri har høyrt om Bommestad, kan det godt hende du har vore der. Motorvegen E18 går nemleg over Bommestad. For to tusen år sidan var det også stor trafikk i området. Her møtest Larviksfjorden og elva Lågen, som begge var viktige transportvegar i jernalderen. Lars Erik Gjerpe er leiar for utgravingane ved E18. Han trur Bommestad kan ha vore ein viktig møtestad der mange menneske møttest til samling eller rådsmøte.

Gammel moro

Til store festar og møte er det vanleg å servere god mat. Det var det også i jernalderen. Då arkeologane fjerna det øvste jordlaget med gravemaskinar og krafser, fann dei fem hundre kokegroper. Kokegropene var jernalderens komfyrar. Ein grov eit hol i jorda og fylte det med glødande steinar frå eit bål. Så pakka ein inn kjøtt og la det oppå steinane, der det låg til det var ferdigsteikt. I dag er kokegropene synlege som eit lag kol under jorda. Korleis trur du våre komfyrar vil sjå ut om to tusen år?

Publisert i Nysgjerrigper 2-07