Dinosaurane er iblant oss

Nye funn viskar ut grensene mellom fuglar og dinosaurar. Fossil frå Kina minner oss om at fuglar er lys levende dinosaurar.

Velociraptor, dinosaur. ILL: SPL/GV-PRESS, NYSGJERRIGPER 2-07Velociraptor - ein rovdinosaur. ILL: SPL/GV-PRESS.For ti år sidan stod vestlege paleontologar og stirte i undring på bilete som vart presenterte for dei på årsmøtet til virveldyrpaleontologane. Bileta var frå Kina og viste den nyleg oppdaga Sinosauropteryx ("kinesisk vengeøgle"), som heilt tydeleg var dekt med dunaktige fjører. Ein av tilskodarane var John Ostrom frå Yale-universitetet. 30 år tidlegare la han fram teorien om at fuglane stammar frå dinosaurane. Den gongen tala han for døve øyre, men no stod han her og såg på bilete Dinosaur, fjærkledd, fjær, Caudipteryx. ILL: SPL/GV-PRESS, NYSGJERRIGPER 2-07av ein vaskeekte fjørkledd dinosaur. Ostrom og tre andre reiste til Kina like etter for å ta funna i nærmare augesyn.

Med fjører på

I Kina fekk dei sjå både Sinosauropteryx og to andre fjørkledde dinosaurar som ingen vestlege forskarar visste om - Caudipteryx ("vengja hale") og Protoarchaeopteryx, som minner om ei primitiv utgåve av den eldste kjende fuglen, urfuglen (Archaeopteryx). Fram til då trudde ein at berre fuglar hadde fjører, og at dinosaurane var skjelkledde. Dei få avtrykka av dinosaurhud viste skjel. Plutseleg var ikkje fjører lenger eit særtrekk hos fuglar – dinosaurar hadde òg fjører.

Tjue nye dinosaurartar

Desse funna stamma frå Yixian-feltet i Nordaust-Kina, der det òg er gjort fantastiske funn av fuglar, pattedyr, øgler, fiskar, skjelpadder, insekt og planter. I dei siste åra er det funne meir enn 20 nye dinosaurartar her. Dei fleste er rovdinosaurar, dvs. dei tilhøyrer underordenen Theropoda, som omfattar tobeinte dinosaurar som Tyrannosaurus og Velociraptor. Dei fleste var tobeinte kjøttetarar. Alle var fjørkledde. I tillegg har ein funne eit 20-tals ekte fugleartar her òg, som alle høyrer til i underordenen Theropoda. Dei har ei forvirrande blanding av primitive og avanserte trekk: kjevar med tenner og lang hale liksom dinosaurar, og kort hale og hornnebb liksom moderne fuglar.

T. rex - ei forvaksen høne?

Velociraptor, velociraptorfossil, fossil. FOTO: CORBIS/SCANPIX, NYSGJERRIGPER 2-07Fossile bein frå rovdinosauren Velociraptor. FOTO: CORBIS/SCANPIX.At alle rovdinosaurane frå Yixian var fjørkledde, kom som ei stor overrasking. Ideen om at fuglane stammar frå dinosaurane, var rett nok begynt å bli allment godteken, men ingen venta at nesten alle artane skulle ha fjører. Ei av overraskingane var Dilong ("keisardrage"), ein 1,5 m lang rovdinosaur som var dekt av 2 cm lange dunfjører. Den viste seg nemleg å vere ein av stamfedrane til tyrannosaurane. Hudavtrykk frå T. rex viser at han var skjelkledd, men det er mogleg at ungdyr hadde ei fjørdrakt som isolerte, og som dei mista då dei vart store nok til å halde varmen utan fjørdrakta.

No blir fjører rekna som eit naturleg trekk hos små rovdinosaurar. Då paleontologane oppdaga knoklane til ein ny art, Bambiraptor, i Montana i USA, gjekk dei utan vidare ut frå at han var fjørkledd.

Laupedinosaur

Dei fleste av dei fjørkledde dinosaurane ein har funne, hadde trådforma eller dunaktige fjører. Men i 2002 fann kinesarane ein art laupedinosaur (dromaeosaur, same gruppe som Velociraptor og nær slektning av urfuglen) med fullt utvikla, moderne fjører. Fjørene er heilt symmetriske, ikkje asymmetriske som flygefjørene til fuglane. Dette tyder på at fjører oppstod før evna til å flyge vart utvikla.

Urfuglen

For å gjere ting endå meir forvirrande har det dukka opp eit nytt fossil av urfuglen. Det viser at urfuglen hadde fleire Urfugl, fugl, Archaeopteryx. ILL: SPL/GV-PRESS, NYSGJERRIGPER 2-07Archaeopteryx er den eldste kjende fuglen - urfuglen. ILL: SPL/GV-PRESS.
dinosaurliknande trekk enn ein kjende til. Han hadde ei klo på andre tå som han kunne strekkje ut. Det er typisk for rovfuglar, men manglar hos alle kjende fuglar. Ein av knoklane i kraniet har òg same form som den tilsvarande knokkelen hos rovdinosaurar.

Vindauge mot den tapte verda

Stadig nye funn viskar ut grensene mellom tidlege fuglar og dinosaurar. Utan tilgang til ein tidsmaskin er Yixian-fossila det beste vindauget vårt mot den tapte verda av fjørkledde dinosaurar og tidlege fuglar. Dei viser at fuglane høyrer til i ei samanhengande, massiv utviklingsrekkje frå typiske dinosaurar til skapningar som ikkje ville stikke seg ut på fuglebrettet ditt. I framtida vil desse fossila bli like viktige for paleontologane som urfuglen har vore. Ikkje minst er dei ei påminning om at fuglane du ser på fuglebrettet ditt, faktisk er lys levande dinosaurar.

Publisert i Nysgjerrigper 2-07