Argentinosauren - den aller største

For 100 millionar år sidan levde det så mange og så digre dinosaurar på kloden at ingen har sett maken verken før eller sidan.

diplodocus, dinosaur, sauropod - FOTO: Shutterstock.com (Ingressbilde) Ein illustrasjon av korleis dinosauren diplodocus kunne ha sett ut. Diplodocus var en dinosaur av typen sauropod, samme type som argentinosauren.

Den aller største var argentinosauren, som vog like mykje som 15 elefantar. Men kvifor vart dei så digre?

Forskarane trur det kan vere fordi dei hadde forskrekkeleg mykje mat. Den gongen var det nemleg mykje meir karbondioksid i lufta, og denne gassen er mat for grøne planter.

Dermed voks kanskje tre og gras veldig raskt, slik at heile kloden vart omskapt til eit gedigent matfat for alle som gomla grønsaker. Og dei som heller ville ha kjøtt, kunne jo berre jafse i seg ein av vegetarianarane...

Publisert i Nysgjerrigper 2-07