Fisk i alarmberedskap

23. mar 2007 06:00

Ein liten fisk passar på drikkevatnet til millionar av amerikanarar. Fisken varslar viss noko er gale med vatnet.

fisk, blågjellet solabbor, blågjella solåbor. FOTO: SPL/GV-PRESS, NYSGJERRIGPER 1-07Blågjella solåbor sørgjer for at millionar av amerikanarar får trygt vatn. FOTO: SPL/GV-PRESSFerskvassfisken blågjella solåbor er så liten at han får plass i handa til eit vakse menneske. Fisken blir brukt av den amerikanske hæren for å overvake drikkevasskjelder i fleire av dei største byane i USA. I motsetning til sensorar (følarar) som er laga av menneske, reagerer denne åboren på mange kjemiske stoff. Fisken oppdagar raskt viss slike stoff blir sleppte ut i vatnet han lever i.

Fisk mot terror

Etter terrorangrep mot USA krev amerikansk lov at alle drikkevasskjelder må overvakast. Den vesle åborfisken blir halden i akvarium der drikkevatnet strøymer til før det blir reinsa og tilsett klor. I akvaria er det montert utstyr som overvaker måten fiskane pustar på. Begynner fiskane å få pusteproblem eller oppføre seg rart, blir det slått alarm før vatnet når fram til springen til folk.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-07

Sist endret: 23.03.2007

facebook twitter email print
  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle