Brevduer med kompass i nasen

No skjønar forskarar korleis duer kan finne vegen heim igjen sjølv om dei blir frakta hundrevis av kilometer av garde. Dei er utstyrte med eit slags kompass i nasehola.

Due, brevdue, kompass/ Nysgjerrigper 4-06FOTO: GV-PRESS

Før i tida vart brevduer brukte til å frakte beskjedar som måtte sendast raskt eller hemmeleg. Brevduer har ei eineståande evne til å finne vegen heim til dueslaget sitt, jamvel etter at dei blir frakta hundrevis av kilometer av garde.

Orienterer seg ved hjelp av lukt

Forskarane har lenge visst at duene orienterer seg ved hjelp av lukt, kjennemerke i terrenget og magnetiske krefter. Men akkurat korleis duene klarer å registrere dei magnetiske kreftene og orientere seg etter dei, har vore ukjent.

Magnetiske krefter

Heile jordkloden er ein stor magnet, og dei magnetiske kreftene dannar linjer frå Nordpolen til Sørpolen. Alle stoff som er magnetiske, rettar seg inn etter desse linjene. Eit eksempel på dette er nåla i eit kompass, som alltid snur seg slik at ho peikar nord-sør.

Due, brevdue, kompass2/ Nysgjerrigper 4-06Kompass i nasehola

No har forskarar funne bevis på at brevduer har eit slags kompass i nasehola, som gjer at dei sansar dei magnetiske kreftene og dermed veit retninga. Dette "kompasset" består truleg av ørsmå metallpartiklar (magnetitt), som fungerer som kompassnåler og rettar seg inn etter magnetfeltet på jorda.

Avhengig av nasen

Forskarane sette brevduer i ein tunnel der dei kunne slå på eit kunstig magnetisk felt, og lærte duene å hoppe til den eine enden når feltet var slått av, og til den andre enden når feltet var på. Dette viser at duene kunne kjenne forskjell.

Då forskarane festa små magnetar til nebbet deira, vart det innebygde kompasset til duene forstyrra, og duene kunne ikkje lenger avgjere kva som var kva. Duene klarte heller ikkje testen viss nasehola (der kompasset sit) vart bedøvd.

Eineståande

"Kompasset" til brevdua er nokså eineståande blant fuglar. Andre fugleartar registrerer også magnetisme, men på ein annan måte. Men regnbogeauren - eit anna dyr som trekkjer over utrulege avstandar - har same slags kompass i nasehola som brevdua har.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-06