Velkomen til mars!

I meir enn to år har roverane Spirit og Opportunity rulla rundt og utforska overflata på planeten Mars. Dei har teke prøvar av stein og fjell, og sendt bilete heim. Bli med til den raude planeten!

03. nov 2006 00:00

Mars, overflate, Columbia-åsane, McCool Hill, Ramon Hill/ Nysgjerrigper 02-2006FOTO: NASA/JPL/Cornell

Geologiske forskjellar

Spirit har teke dette biletet ved hjelp av panoramakameraet sitt.

Det er brukt fargar for å få fram dei geologiske forskjellane på staden.

Mars, rover, robot-geolog/ Nysgjerrigper 02-2006FOTO: NASA/JPL/Cornell

Rover

Roveren er ein robot-geolog som utforskar overflata på Mars. På masta har fartøyet festa avanserte kamera. For å kunne kjøre rundt hentar han energi frå solcellepanel.

Roveren har også andre typar kamera som gir han informasjon om området han er i, og kvar det er lurt eller ikkje lurt å kjøre.

Mars, plattform, Spirit/ Nysgjerrigper 02-2006FOTO: NASA/JPL/Cornell

Spirit

Frå denne plattforma rulla Spirit ut for å utforske den raude planeten.





Mars, steinar/ Nysgjerrigper 02-2006FOTO: NASA/JPL/Cornell/USGS

Steinar

Slike steinar hadde forskarane aldri sett før dei vart oppdaga i slutten av 2004.








Mars, overflate, Columbia-åsane, McCool Hill, Ramon Hill/ Nysgjerrigper 02-2006FOTO: NASA/JPL/Cornell

Columbia-åsane

Dette området blir kalla Columbia-åsane. I horisonten midt i biletet ligg åsane "McCool Hill" og "Ramon Hill". Åsane er oppkalla etter astronautane som omkom då romskipet Columbia eksploderte i 2003.

Mars, planet/ Nysgjerrigper 02-2006FOTO: NASA/JPL/Malin Space Science Systems

Mars

Biletet er teke av satellitten Mars Global Surveyor i år.









Mars, vulkan, Olympus Mons/ Nysgjerrigper 02-2006FOTO: NASA/JPL/Malin Space Science Systems

Olympus Mons

Den mystiske vulkanen Olympus Mons. Vulkanen er 27 km høg - omtrent tre gonger så høg som Mount Everest, det høgaste fjellet på jordkloden.

Vulkanen er også enorm i breidd og nesten heilt flat! Biletet er teke frå verdsrommet frå satellitten Mars Global Surveyor.

 











Mars, meteoritt av jern v/ Nysgjerrigper 02-2006FOTO: NASA

Meteoritt

Dette er den første meteoritten som er funnen på ein annan planet. Meteoritten er på storleik med ein basketball og laga av jern.

 



Mars, stein, Columbia-åsane/ Nysgjerrigper 02-2006FOTO: NASA/JPL/Cornell

Stein frå Columbia-åsane

Denne steinen er funnen i området Columbia-åsane.

 

Mars, raud planet, sand/ Nysgjerrigper 02-2006FOTO: NASA/JPL/US Geological Survey

Den første steinen

Den første steinen Spirit undersøkte på Mars. Forskarane har kalla steinen Adirondack, og Spirit har undersøkt steinen med mikroskop og instrument for å finne ut kva steinen er laga av. Steinen er omtrent på storleik med ein fotball.

 

Mars, overflate, Gusev-krateret, Clovis/ Nysgjerrigper 02-2006

Clovis

Spirit drilla hol i denne steinen, som er funnen i Gusev-krateret. Forskarane har gitt steinen namnet "Clovis".

 






Mars, Opportunity, Endurance-krateret/ Nysgjerrigper 02-2006

Opportunity

Opportunity har teke bilete av sine eigne hjul og bakken i Endurance-krateret.



Publisert i Nysgjerrigper nr. 2/ 2006