Lesekroken: Undervisningsopplegg til "Bakteriar med superkrefter"

For å få ein idé om kva artikkelen "Bakteriar med superkrefter" handlar om skal elevane telje dei viktigaste innhaldsorda i teksten.

Bilde av artikkelen slik den ble vist i Nysgjerrigper-bladet
Artikkelen om bakteriar er henta frå Nysgjerrigper nr. 2-2017.

Last ned materiellet:

Lærarrettleiing

Tel dei vanlegaste orda

For å få eit raskt overblikk over kva ein artikkel handlar om, kan ein ta tak i dei vanlegaste innhaldsorda. Innhaldsord er som oftast substantiv, men kan også vere verb som er sentrale i ein tekst. I denne artikkelen er det to  innhaldsord som skil seg ut, bakteriar og biofilm. Når ein skal telje orda, tar ein med alle former av ordet, som:

biofilm – biofilmen – biofilmar – biofilmane

Be elevane telje kor mange gongar dei finn ordet bakteriar eller ord i teksten som har bakterie i seg. Når dei les berre for å telje, må dei leitelese. Dei ser berre etter eitt konkret ord, alt det andre kan dei hoppe over. Denne lesinga skal difor gå raskt.

Om ein tel orda, får ein dette resultatet:
Bakteriar: 20 gongar
Biofilm: 8 gongar

Sjølv om elevane berre har leitelese, vil dei truleg ha ein idé om kva artikkelen handlar om, av di dei har funne orda bakterie og biofilm så mange gongar. Kanskje veit dei ikkje enno kva biofilm tyder, men dei forstår truleg at det er eit viktig ord å lære seg for å skjønne artikkelen. Elevane er difor godt budde til å lese artikkelen grundig, sjølv om dei berre har talt to ord.

I oppgåve 2 skal elevane fylle ut eit tankekart basert på teksten. Dei skal skrive inn ein definisjon av biofilm. Vidare skal dei fullføre setningar med døme på biofilm frå artikkelen. Gå gjerne gjennom eksempel 1 med elevane. I ruta i tankekartet står:

1. Laurdagsgodt …
Dette viser til dei to fyrste avsnitta i artikkelen. Her får lesaren vite at laurdagsgodt kan gje pels på tennene. Det er bakteriar som samlar seg til biofilm. Elevane skal skrive heile setningar med eksempla frå artikkelen, og kan til dømes skrive:

Laurdagsgodt kan gjere at ein får eit belegg av bakteriar på tennene. Det belegget er biofilm.

Elevoppgåver

1. Tel ord

a. Kor mange gongar finn du ordet
- bakteriar
- biofilm

b. Kva trur du artikkelen handlar om?

2. Fyll ut tankekartet om biofilm

a. Definer ordet biofilm.

b. Fyll ut dei fem eksempla på biofilm det står om i artikkelen. Skriv heile
setningar.

Eksempel: Laurdagsgodt kan gjere at ein får eit belegg av bakteriar på tennene. Det belegget er biofilm.

3. Detektivlesing

a. Kvifor trur ein at nokre steinalderfolk hadde hol i tennene og andre ikkje?

b. Nemn minst to styrkar biofilm har, og som bakteriane aleine ikkje har.

c. Korleis ser biofilm ut, både forstørra og i naturleg storleik?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. april 2024, kl. 11:13 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.