Tyrannosaurus' slektning
06. feb 2004 00:00
Dinosaur-forskarar (paleontologar) i USA har funne det dei trur er skjelettet etter ein Nanotyrannus. Mange forskarar trur at Nanotyrannus var ein mykje mindre, kjappare, men like farleg kjøttetande slektning av Tyrannosaurus rex.
Nokre forskarar meiner at Nanotyrannus ikkje finst, men at funna er T. rex som barn. På eit museum i USA finst ein hovudskalle som dei meiner er frå ein Nanotyrannus.
No har paleontologar funne eit eksemplar i Montana som dei meiner må vere ein Nanotyrannus. Tennene er tynne som barberblad, og annleis enn hos T. rex. Forskarane kallar dyret "Jane", og trur ho har levd for mellom 68 og 65 millionar år sidan, like før dinosaurane vart utrydda. Foto: Scanpix
Jane er ein tredel av eit fullt skjelett, mellom anna viktige bein som halen, ribbeina og underdelen av kjeven med tenner. Seinare i år er forskarane ferdige med arbeidet sitt. Først då kan dei slå fast om Jane verkeleg er ein Nanotyrannus.
Publisert i Nysgjerrigper nr 2/03
Sist endret: 06.02.2004