Superkrokodillane
25. mai 2004 00:00
Då eg var liten, var eg frykteleg redd for at ein krokodille skulle snike seg inn i huset og gøyme seg under senga mi. Jammen godt eg ikkje hadde høyrt om superkrokodillar, for då hadde eg nok ikkje fått sove i det heile!
Superkrokodillane var på storleik med ein buss, og veide ti gongar meir enn krokodillane i dag”Superkrokodille” er ikkje eit ord du finn i leksikon. Det er eit slags kjælenamn på Sarcosuchus imperator, og det latinske namnet betyr noko slikt som ”keisar blant kjøttkrokodillane”. Denne krokodillen levde på jorda for omtrent 110 millionar år sidan.
FOTO:IMAGE BANKKrokodillar finst i tropiske område over heile verda, som regel i elvar, innsjøar og kystområde. Men superkrokodillen vart funnen i ein ørken! I 2000 fann forskaren Paul Sereno og kollegaene hans eldgamle dyreknoklar i Gadoufaoua i Niger i Afrika. For 110 millionar år sidan var det ikkje ørken her, men eit frodig landskap med elvar og tre, bregnar og vassplantar, fisk og dinosaurar – og superkrokodillar.
Fossile rester fra krokodiller og fisk. FOTO: SPL/GV-PRESSDå forskarane fann knoklane i sanden, var det som å finne bitar av eit kjempestort puslespel utan byggjeforklaring. Men dei greidde å setje saman bitane til eit nesten fullstendig skjelett. Eit kjempedigert skjelett! Hovudskallen var nesten to meter lang, og det var ikkje vanskeleg å forstå at skjelettet ein gong hadde tilhøyrt eit dyr som likna på ein krokodille. Men korleis hadde dette dyret sett ut den gongen det gjekk omkring på jorda?
Forskarane studerte skjelettdelane nøye og samanlikna dei med skjeletta til krokodillar av den typen som lever på jorda i dag. Dei målte og tok prøver, las og studerte, tenkte og snakka med andre forskarar. Til slutt visste dei ganske mykje om dette forhistoriske dyret. Her er noko av det dei fann ut:
- Superkrokodillen Sarcosuchus imperator var 12 meter lang – omtrent som ein buss!
- Han vog 10 tonn – meir enn ein afrikansk elefant.
- Han hadde 130 korte, spisse tenner.
- Han kunne bli 100 år gammal.
- Han hadde ei ”rustning” av hornplater over heile kroppen.
- Han åt det han kom over – for eksempel fisk, skjelpadder og dinosaurar.
- Han hadde ein merkeleg snute som var breiast framme.
- Han hadde eit stort, holt rom inne i nasen. Forskarane veit ikkje sikkert kva han brukte dette holrommet til – kanskje til å lukte eller snakke med?
- Han levde for omtrent 110 millionar år sidan. Forskarane veit ikkje kvifor han plutseleg døydde ut.
Bli endå betre kjend med superkrokodillen: www.supercroc.com og www.nationalgeographic.com/supercroc.
Her på nysgjerrigper.no kan du lese om krokodilletårer - klikk her!
Publisert i Nysgjerrigper nr 2/04
Sist endret: 25.05.2004