Stiv kuling ved Pollen skule

11. feb 2004 00:00

Vindtegning1/NYSGJERRIGPER/0104(Ikke bruk uten etter avtale med Nysgjerrigper)

Det blåser ofte i Sund, der elevane i 1. og 2. klasse ved Pollen skule bur. Kvar kjem vinden frå? lurte elevane – og kom til finalen i Årets Nysgjerrigper 2003.

Hos første- og andreklassingane var det lov til å tru akkurat kva ein ville. Kanskje vinden kjem av at: 1) Trea rører på seg, og så går vinden frå tre til tre i bane rundt jorda? 2) Kanskje kjem vinden frå bølgjene? 3) Eller frå den pusten alle menneska på jorda pustar ut? 4) Kanskje det er Gud som lagar vinden? 5) Eit stort troll som spionerer på jorda og blåser sterkt med munnen sin? 6) Har vinden noko med fart å gjere? Er det alle bilane, helikoptra, motorsyklane, motorbåtane, trailerane, flytoga og bussane rundt om på heile jorda som lagar vind? 7) Eller kanskje det har noko med lufta og skyene å gjere?

Hm. Svaret på kvar vinden kjem frå, var med andre ord ikkje opplagt for elevane i Sund. Dei heldt derfor alle moglegheiter opne, og ville teste ut så mange av teoriane sine som mogleg.

Dermed var dei i gang; dei sende faks til verdamene i TV2, dei laga vindmålarar, drog på observasjonstur, klatra i trea og vifta med armane. Elevane besøkte mellom anna Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen, og vart inviterte til ein meteorolog. Mens dei dreiv med prosjektet, vart lista lang over aktivitetar som kunne forklare korleis vi får vind. Dei prøvde med stearinlys, oppdaga høgtrykk i ein vanleg ballong full av luft og laga vind med fallskjerm i gymsalen.

Vind/NYSGJERRIGPER/0104(Ikke bruk uten etter avtale med Nysgjerrigper)Elevane kunne sikkert funne mange svar i lærebøkene, men valde i staden å gjennomføre eit ekte nysgjerrigper-prosjekt der dei sjølv fekk forske. Dei skriv i konklusjonen sin: ”Og så er det sånn at viss nokon lurer på noko som har med ver og vind å gjere, så kan dei jo prøve å spørje oss!”

Les prosjektsamandraget frå dette og mange andre prosjekt på nysgjerrigper.no under ”Dette har dere forsket på”.

Les om hvor vinden virkelig kommer fra.

Publisert i Nysgjerrigper nr 1/04

Sist endret: 11.02.2004

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?