Sminke gjer vepsen sint
29. apr 2004 00:00
Leppestift og augesminke kan gjere deg skikkeleg tiltrekkjande. For sinte vepsar. Japanske forskarar har funne ut at stoff som finst i nokre typar sminke, kan få dei stripete flygarane til å gå amok.
FOTO:SPL/GV-PRESSVepsar bruker kjemikaliar til å snakke saman, og trur nok at stoffa i kosmetikken er ein slags beskjed. Meldinga betyr truleg at noko skummelt er på veg, og dei små hissigproppane bestemmer seg for å stikke først, for å vere sikre.
Gutar bør forresten ikkje føle seg heilt trygge, dei heller. Dei same beskjedstoffa finst nemleg også i forskjellige typar ferdigmat.
Publisert i Nysgjerrigper nr 2/04
Sist endret: 29.04.2004