Skal avsløre dei siste løyndommane ved månen
11. feb 2004 06:00
I haust vart den aller første europeiske romsonden send til månen. Med SMART-1 håper romforskarane å avsløre dei siste løyndommane ved månen.
SMART-1. ILLUSTRASJON: ESA/MEDIALABSjølv om det er 35 år sidan det første mennesket sette føtene sine på månen, er det framleis ein del vi ikkje veit om månen. SMART-1 skal mellom anna kartleggje heile overflata og finne ut kva for stoff månen er samansett av.
Det kan òg gi svar på korleis månen vart til. Forskarane trur månen vart til for fleire milliardar år sidan då ein mindre planet kolliderte med jorda, og ein del av jorda vart riven laus. Det gjer månen til jorda sin einaste naturlege satellitt. Ein satellitt er ein himmellekam som krinsar rundt ein planet.
SMART-1 er ikkje større enn ein komfyr, og veg ”berre” 350 kilo. Han krinsar no i spiralform nærmare og nærmare månen. I desember blir han heilt fanga av gravitasjonsfeltet rundt månen, og skal krinse rundt i seks månader.
PS! Viss du bur i Oslo, kan du besøkje Geologisk Museum for å sjå ein stein frå månen.
Les om ein av dei siste, store ekspedisjonane til månen – Lunar Prospector.
Publisert i Nysgjerrigper nr 1/04
Sist endret: 11.02.2004