Og barnet skal heite Nuppe eller Gnomen...?
01. mar 1998 00:00
Får du ei søster, blir ho neppe å heite Nuppe, og sjølv kor liten bror du får, så kan han ikkje heite Gnomen.
Namnet skjemmer ingen, heiter det i eit ordtak. Men du får ikkje lov til å heite kva du vil i Noreg. Det er Justisdepartementet som avgjer om namnet foreldra dine vel, kan bli godteke eller ikkje. Lista over namneønske som ikkje er godkjende, er lang: Heller ikkje Norgia, Kiss, Dynfjæder, Haralabos eller Fnorre er godtekne som namn på personar. Vivian med både ein og to n'ar går greitt – men ikkje med tredobbel w som i Wiwwiann. Det er kanskje ikkje så rart – då måtte du nok finne deg i å stave namnet ditt kvar gong nokon skulle skrive det!
Lov om personnamn
Stortinget har i lov om personnamn bestemt at ein ikkje må velje førenamn “som det er fare for kan verta til ulempe for den som har det”. Og det kunne nok namnet bli dersom du heitte både Gnomen og Nuppe. Det er heller ikkje lov å ta i bruk slektsnamn som førenamn, og gutar kan ikkje få jentenamn og jenter gutenamn. Likevel er det mange førenamn som frå gammalt òg er slektsnamn, som Bjørn, Magnus og Åse. Frå gammalt av finst det gute- og jentenamn som er like, som Tore og Jøran.
Fire opphavsmåtar til namn
Norske namn har særleg fire ulike opphav: Norrøne namn (det vil seie at dei kjem frå norrøn kultur – frå den tida då språket var gammalnorsk, ca. år 700 - 1350), namn med opphav i Bibelen eller frå viktige kyrkjelege personar, namn som har kome hit frå tysk, og namn frå engelskspråklege land. Men vi har òg fått namn frå andre land. Dei utanlanske namna har kome anten med kristendommen, med embetsmenn, sjøvegen eller med massemedia. Astrid og Åse er norrøne namn. Markus og Sara kjenner vi frå Bibelen. Frå tysk har vi fått Oda. Og Nora har mest sannsynleg kome hit frå England. Det finst òg nokre namn som har blitt funne på i Noreg. Linn er eit eksempel på det. Mange utanlandske namn har fått eiga form i Noreg eller Norden. Slike er Lars, Kari og Silje, som kjem av Laurentius, Katharina og Cecilie, som alle er kjende gjennom kristendommen.
Oppkalling
Før i tida var det mange som kalla opp dei eldste barna etter besteforeldra. Eldste son blei då kalla opp etter farfar, eldste dotter etter farmor, nesteldste son etter morfar og nesteldste dotter etter mormor. Andre barn kan ha blitt kalla opp etter andre i nær slekt. Oppkalling har vore ein måte å markere slektstilknyting på. Det har òg vore vanleg å kalle opp barn med namn som har same førebokstav som ein av foreldra.
Namn i dag
Etter krigen, og særleg i 1960-, 70- og 80-åra, har ein del engelskspråklege namn blitt vanlege, som Mona, Ann, Irene, Tommy og Roger. Nokre namneforskarar meiner inspirasjon frå TV, musikk og filmar kan vere grunnar til dette. Vi får òg mange namn frå nabolanda og andre land i Europa. Trass i påverknad utanfrå, er dei norske namna meir vanlege enn nye namn frå utlandet.
Gamle namn blir som nye
Dei siste åra har det blitt vanleg å ta i bruk namn som var populære for over hundre år sidan, for eksempel Oda, Nora, Karoline og Simen. Grunnen er nok sjeldan oppkalling, men heller at folk ønskjer å ta vare på tradisjonar. Kanskje kjem Peder og Olga òg snart att?
TILLEGGSINFORMASJON:
Kor mange har same namn som deg i Noreg?
På Statistisk sentralbyrås heimeside på Internettet kan du raskt finne det ut…og mykje anna gøy om namn! Slå opp på adressa: http://www.ssb.no/www-open/litt_av_hvert/navnesoek/
Publisert i Nysgjerrigper 2, 1998
Sist endret: 01.03.1998