Myten om sjøormen er avliva
05. feb 2004 06:00
Det har lenge gått rykte om at det finst eit monster i den skotske innsjøen Loch Ness. Fantasivesenet skal ha lang hals og likne litt på ein dinosaur.
I fleire hundreår har vaksne menneske lege på lur ved sjøen i vekevis for å få eit glimt av sjøormen Nessie.
Tull og fanteri
Men no ser det ut til at heile historia berre er tull og fanteri. Forskarar har nyleg undersøkt heile innsjøen frå topp til botn med skikkeleg sonar. Sonaren registrerer alt som rører seg i vatnet, så det er vanskeleg å sleppe unna eit slikt instrument. Ekspertane skulle nok gjerne ha oppdaga ein ekte sjøorm, men dei fann ikkje så mykje som skuggen av det vidgjetne monsteret. Dessverre.
Publisert i Nysgjerrigper nr 4/03
Sist endret: 05.02.2004