Metall i mikrobølgjeomn
20. mai 2003 23:00
Mikrobølgjer er ei form for radiobølgjer, så ein mikrobølgjeomn er eigentleg ein kraftig radiosendar. Mikrobølgjeomnar er best til å varme opp ting som inneheld vatn eller is. Vatn er bygd opp av milliardar av bittesmå vassmolekyl. Når mikrobølgjene treffer vassmolekyla, byrjar molekyla å vibrere svært raskt. Når molekyla vibrerer slik, vert det varmt. Det er varmen frå alle dei vibrerande vassmolekyla i maten som gjer at han vert varm i mikrobølgjeomnen.
Mikrobølgjer går rett gjennom plast, porselen, glas og leire. Difor kan du nytte skåler, tallerkar, bollar og koppar i ein mikrobølgjeomn. Sidan desse stoffa ikkje inneheld vatn, vert dei heller ikkje varme i ein mikrobølgjeomn.
Dette kan du sjølv teste ut når du tek ut ein tallerk med mat du har varma opp i mikrobølgjeomn. Dersom du kjenner varsamt på kanten av tallerknen med fingertuppen, kjenner du ofte at det er ganske kjølig der. Rett under maten er tallerken ofte brennvarm, så pass på! Det at tallerken er kaldare på kanten enn under maten, kjem av at tallerken har vorte varma opp av maten som ligg på han, og ikkje av omnen. Varmen spreier seg ut frå maten, og kjem først til den delen av tallerken som er nærast maten.
Men mikrobølgjer går ikkje gjennom ting av metall. Når mikrobølgjer til dømes treffer aluminiumsfolie, som er laga av metallet aluminium, vert bølgjene slengde tilbake, på same måten som lys vert reflektert frå ein spegel. Bølgjene «sprett» tilbake frå metallet og treff veggane i omnen. Då kan mikrobølgjene skade viktige delar av omnen. Det er difor du kan skade ein mikrobølgjeomn ved å leggje ting av aluminium, stål eller andre metall i han.
Publisert i Nysgjerrigper 1996
Sist endret: 20.05.2003