Lækjedom i ein drope honning
02. mar 2004 06:00
Det går verkeleg an å nedkjempe det vonde med det gode, har forskarane funne ut. Illsinte bakteriar som motstår alle slags antibiotika behandlingar, må gi tapt for ein liten skvett honning.
Alle som er interesserte i kjerringråd, helsekost eller naturmedisin, kan fortelje deg at honning er sunt og motverkar forkjøling og infeksjonar.
Heilt frå Oldtids-Egypt og endå tidlegare har honning vorte brukt til å lækje sår og infeksjonar. Forskarar i New Zealand har nyleg prøvd å finne ut om det verkeleg er sant at honning lækjer sår og drep bakteriar, og korleis dette i tilfelle skjer.
Honning var best
Resultatet var forbløffande: Til å behandle betente operasjonssår og brannsår verka honning betre enn vanleg antibiotika. Honningen tok knekken på mange av dei mest plagsame sjukdomsbakteriane, og var i tillegg effektiv mot dei sinte «kjøtt-etande» bakteriane som kan halde til på sjukehus. Honningen fekk også sår til å gro fortare.
|
Antibiotika |
||||
|
Lækjemiddel som blir brukte til å drepe bakteriar vi ikkje vil ha i kroppen. Forskjellige typar antibiotika blir brukte til å drepe forskjellige slags bakteriar. Antibiotika vart tidlegare laga av mikroskopiske soppartar. I dag blir det laga kunstig. Antibiotika har ingen verknad på virus, som blant anna gjer at vi blir forkjølte eller får influensa. |
||||
Men det er ikkje det same kva slags honning du bruker. Det viser seg at den honningen som er laga av bier som hentar nektar hos bestemte tetre i Australia og New Zealand, er best. Olje frå dei same trea er vorte brukt som bakteriedrepande og sårheilande middel, så det ser ut til at tetrea overfører litt av den lækjande krafta si til honningen.
Løyndommen til biene
Men den viktigste løyndommen bak den lækjande verknaden honningen har, ligg i måten biene lagar honningen på. Honning er jo matforrådet til biene for vinteren, og det er veldig viktig at han ikkje rotnar eller blir full av bakteriar.
Når arbeidarbiene har vore ute og samla nektar frå blomane og kjem hjem, gulpar dei opp nektaren og gir han til andre bier, som igjen tek han med til bikakene og spyttar han ut i dei små vokscellene. Så viftar dei med vengene sine inntil mesteparten av vatnet i honningen fordampar.
Men sjølve det hemmelege våpenet er stoffet hydrogenperoksid. Dette stoffet vart tidlegare brukt til å reinse og desinfisere sår med på sjukehus. Men når ein bruker vanleg hydrogenperoksid, må ein bruke ei ganske sterk løysning som kan skade den friske huda rundt såret. I honning greier det seg derimot med små mengder hydrogenperoksid, fordi honningen inneheld eit enzym som stadig lagar meir hydrogenperoksid etter kvart som det blir brukt opp. Honning skader derfor ikkje den friske huda omkring såret.
Superhonning
Som tidlegare nemnt er nokre typar honning meir verksame enn andre. Vanleg honning kan miste ein del av den lækjande verknaden viss han blir utsett for lys eller varme, fordi lys og varme øydelegg enzyma i honningen. Men honning som blir laga av nektar frå tetre, er like effektiv uansett. Denne honningen inneheld eit mystisk stoff som gjer han til ein slags superhonning. Forskarane i New Zealand har brukt 18 år på å prøve å finne ut kva dette stoffet eigentleg er, men dei har enno ikkje klart å finne ut av det.
|
Enzym |
||||
|
Enzyma er signalstoff som fer omkring og får ting til skje, utan at dei sjølv blir brukte opp. |
||||
Kanskje kan superhonningen bli mirakelmiddelet som hjelper oss å nedkjempe bakteriar som er motstandsdyktige mot antibiotika? I vår tid er det enkelte sjukdomsbakteriar, blant anna dei «kjøttetande» sjukehusbakteriane, som ikkje let seg knekke av antibiotika. Dei newzealandske fors-karane har vist at tetre-honningen drep desse bakteriane.
Ikkje prøv det heime!
Det ser altså ut til at honning kan bli ein viktig medisin i framtida. Men du må ikkje prøve å lækje deg sjølv eller andre med honning heime. Vanleg honning kan nemleg også innehalde eit smittestoff som gjer botulisme, ein skummel sjukdom, og derfor er det farleg å la vanleg honning kome inn i opne sår. Vi må førebels overlate til lækjarane å drive med honningbehandling.
Visste du at lunka mjølk med honning er bra mot forkjøling? Men pass på så ikkje mjølka blir for varm, fordi då øydelegges enzyma i honningen.
Sist endret: 02.03.2004