Kvifor bruker ein ikkje solcellepanel i vengene på fly?
09. apr 2003 00:00
Solcellepanel blir brukt i vengene på fly! Det finst alt nokre fly med solcellepanel, og dei har floge langt.
Det første flyet med solceller på vengene flaug med solkraft frå Paris til London. Det tok fem timar, og farten var 75 km i timen. For åtte år sidan flaug eit forbetra solfly over heile USA frå vest til aust. Det var eit fly med plass til berre ein person, og det vart drive av ein liten motor som fekk straum frå åtte kvadratmeter solceller på vengene.
I dag lagar vi meir og meir energi frå solceller. I framtida vil nok solfly bli meir utbreidd.
Publisert i Nysgjerrigper 5-98
Sist endret: 09.04.2003