Kva skjer i kroppen når vi gråter?

03. jul 2003 00:00

Barn gråter, tårer

Vi ser på kva som skjer i kroppen når vi gråter.

Det er hjernen som avgjer om vi skal gråte. Akkurat kva som skjer i hjernen, eller kor det skjer, når den avgjer at vi skal gråte veit vi ikkje så mykje om. Det må jo vere eit eller fleire stader i hjernen som er «triste». Når disse områda er «triste», sender dei beskjed til eit område i hjernen som heiter hypotalamus. Hypotalamus er eit veldig viktig område som styrer mange ting som skjer i kroppen som vi ikkje har kontroll over, til døme kor raskt hjertet slår, spyttutskilling, og fordøying. Hypotalamus sender så beskjed til tårekjertlane om å skille ut tårer, og dermed gråter vi. I tillegg skjer det mykje anna i kroppen når vi gråter. Musklar i ansiktet trekker munnvikene nedover og rynker panna, pusten trekkast djupt og ofte uregelmessig, vi hikster, og blodstraumen ledast ofte til huden slik at den som gråter blir rød i ansiktet.

Kvifor gråter vi? Det er mange svar på dette, avhengig av om det er ein voksen eller eit barn som gråter, og kva situasjon gråten oppstår i. Pusten hos barn som gråter fordi dei vil ha oppmerksomhet, er forskjellig frå gråt når ein har slått seg. Så kva som skjer i kroppen er, til ein viss grad, avhengig av kvifor ein gråter.

Publisert i Nysgjerrigper 5-97

Sist endret: 03.07.2003

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?