Kva er lydmuren?
19. mai 2003 00:00
Nemninga lydmuren vert oftast brukt i samanheng med flyging. Kva er det for noko?
Før trudde ein at det var umogeleg å fly raskare enn lyden, fordi det låg ei slags sperre der som flyteknikken ikkje kunne vinne over. Denne sperra kalte ein for lydmuren, sjølv om det ikkje var ein mur i vanleg tyding, men altså ei sperregrense.
No veit du sikkert at lydmuren kan brytast. Concorde-fly, F-16 og Mig-fly kan alle fly raskare enn lyden. Fly som kan bryte lydmuren vert kalla for supersoniske (super = over, sonisk = som har med lyden å gjere). Det finst til og med fly som kan fly over tre gonger lyden si fart, det vil seie over 3 Mach. Mack er måleeininga for lyden sin snøggleik. Det første flyet som braut lydmuren var det rakett-drivne flyet Bell X-1. Det skjedde i 1947.
Publisert i Nysgjerrigper 1996
Sist endret: 19.05.2003