Klokke på hjernen
03. mar 2004 06:00
Vaknar du på nesten same tidspunkt kvar morgon, slik at du kan kome deg på skulen? Sovnar du om kvelden, sjølv om du har lyst til å vere vaken lenger?
Begge delar viser at den innebygde klokka di fungerer. Faktisk så fungerer ho sjølv om du skulle svare nei på begge spørsmål, fordi alt som er levande – alt frå bakteriar til bakarar, frå insekt til ingeniørar – har ei innebygd kroppsklokke.
Tikk-takk
No er ikkje denne innebygde klokka ei vanleg klokke med tal og visarar som seier tikk-takk. Men ho tikkar i veg jamt og trutt, og sørgjer for at du har noko vi kallar ein døgnrytme. Det vil seie at du vaknar omtrent til same tid kvar dag, og at du sovnar omtrent til same tid. Klokka er med andre ord innstilt på omtrent 24 timar, like mange timar som det er i døgnet.
Eigentleg er kroppsklokka ei gruppe nerveceller som ligg ein stad i hjernen, ein stad vi kallar hypotalamus. Hypotalamus ligg midt inne i hjernen, og han spelar ei viktig rolle i kroppen vår. Han tilpassar kroppstemperaturen vår til sommar- eller vintertemperatur, og det er hypotalamus som gjer at du kjenner tørste når kroppen din treng vatn.
Hypotalamus styrer også produksjonen av forskjellige hormon. Eit hormon er eit kjemisk stoff som blir frakta rundt i kroppen med blodet. Vi kan seie at hormona er bodbringarar i kroppen. Dei seglar gjennom blodårene med beskjedar til kroppen om å lage meir eller mindre av bestemte stoff.
Konglekjertelen
Søvnhormonet melatonin er ein slik bodbringar. Dette hormonet blir laga etter beskjed frå hypotalamus, men det er konglekjertelen som lagar det.
Konglekjertelen ligg også i hjernen, like i nærleiken av hypotalamus, og du kan sikkert tenkje deg kvifor han har fått namnet sitt. Kvar dag når det begynner å mørkne og nærmar seg leggjetid, lagar konglekjertelen melatonin som gjer at du blir søvnig, og til slutt har du så mykje melatonin i blodet at du sovnar. Tidleg neste morgon, sånn omtrent ved 6-tida, stoppar produksjonen av melatonin. Etter kvart blir det mindre og mindre melatonin i blodet – og til slutt vaknar du.
Hjernen får i tillegg litt ekstra hjelp av sollyset. Når lyset treffer auget ditt om morgonen, får hjernen din beskjed om at «no er det på tide å stå opp.» Det er bra, for klokka i hjernen vår går vanlegvis litt feil. Ho er innstilt på litt meir enn 24 timar.
Om vinteren når verken sola eller du har lyst til å stå opp, kan det såleis vere greitt å få litt ekstra hjelp av vekkjarklokka eller kanskje av mamma eller pappa i staden.
Sist endret: 03.03.2004