Jenter smiler mest!
04. feb 2004 06:00
Forskarar i USA har funne ut at kvinner smiler meir enn menn. Kor mykje meir, varierer frå land til land, kor gamle vi er, og om nokon ser på oss eller ikkje.
FOTO:SAMFOTOForskjellane er for eksempel større i USA og Canada enn i andre delar av verda. I tenåra er det størst smileforskjell mellom kjønna. Jentene smiler mykje meir enn gutane i denne alderen. Forskarane trur ein av grunnane er at jenter og gutar ønskjer å vere mest mogleg forskjellige frå kvarandre når dei er tenåringar. Aller størst forskjell mellom kjønna er det når vi veit at nokon ser på oss. I slike situasjonar smiler jentene mykje meir enn gutane.
Så veit vi det. Kanskje kan du gjere din eigen vesle forskingsstudie omkring dette – studere jenter og gutar når dei ikkje ser på?
Publisert i Nysgjerrigper nr 3/03
Sist endret: 04.02.2004