Imponerande imitator

03. mai 2004 00:00

Blekkspruten er ein meister i å kamuflere seg. No har forskarar funne ein hittil ukjend art som også er ein meister i å imitere giftige sjødyr. Slik held han fiendar unna, trur forskarane.

Den lure skapningen er ein langarma, brun blekksprut som er cirka 60 centimeter lang. Blekkspruten lever i tropisk farvatn på grunne gjørmebotnar der elvar møter havet. Blekkspruten er så nyoppdaga at han enno ikkje har fått namn.

Blekksprut/NYSGJERRIGPER/0204(Ikke bruk uten etter avtale med Nysgjerrigper)FOTO:SPL/GV-PRESSBlekkspruten er kjend for å vere eit av dei mest intelligente blautdyra, og han kan skifte farge og mønster slik at han går i eitt med omgivnadene sine. Den nyoppdaga arten er den første blekkspruten som prøver å forkle seg eller oppføre seg som eit anna dyr.

Denne blekkspruten har mange forkledningar og avleiingsmanøvrar på repertoaret. Ved hjelp av spreidde armar imiterer han dei giftige finnane til løvefisken. Han kan forandre fargen så han liknar dei gule og svarte stripene til den giftige sjøslangen. Når han opptrer som sjøslange, trer han seks av armane sine inn i eit hol mens han vifter med dei to frie armane i kvar si retning. Slik ser han ut som to slangar.

Forskarane trur han har lært seg å imitere andre dyr fordi han har få gøymestader der han lever.

Les meir om andre blekksprutar på hav og vann her på nysgjerrigper.no

Publisert i Nysgjerrigper nr 2/04

Sist endret: 03.05.2004

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?