Hoppmeister blant dyra

30. jan 2004 06:00

Møt den råaste høgdehopparen i dyreriket, som kan sprette over hundre gonger si eiga lengd! Hoppmeisteren i dyreverda lever i enger og hagar, og yndlingsmaten hans er plantesaft.

Hoppmester/NYSGJERRIGPER/0403(Ikke bruk uten etter avtale med Nysgjerrigper)FOTO:SAMFOTO

I ein meisterskap der det er om å gjere å jumpe høgast i forhold til sin eigen storleik, vil nok skumsikaden stikke av med sigeren. Det vesle insektet er ikkje lengre enn ein halv negl, men klarer likevel å sprette 70 cm opp i veret. Hadde skumsikaden vore like stor som eit menneske, hadde han kunna jumpe rett over ein 70 etasjes skyskrapar!

Men tek vi ein kikk på beina til krypet, skulle vi jammen ikkje tru at det var nokon hoppmeister. Dei korte, pinglete stilkene ser ikkje ut til å duge til særleg mykje. Men sikaden har ein løyndom på lur. Han har nemleg gøymt ein kjempemuskel inni magen, og når han gjer seg klar til å hoppe, låser han bakbeina fast oppunder buken. Så strammar han supermuskelen til brestepunktet, slik at beina blir spente som stålfjører. Til slutt blir presset så stort at låsen sprett opp, og beina skyt ut og blåser insektet til himmels.

Hoppmeisteren i dyreverda lever i enger og hagar, og yndlingsmaten hans er plantesaft. Når sikaden er ung, bruker han òg plantesafta til å lage små skumklattar som liknar litt på spyttklyser.

Publisert i Nysgjerrigper nr 4/03

Sist endret: 30.01.2004

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?