Grashopper mot vorter?

12. des 2003 06:00

Kan grashopper stikke og sprute gift? Og kan dei hjelpe mot vorter? Nysgjerrigper gav spørsmålet vidare til Arne Semb-Johanson som er professor i zoologi ved Universitetet i Oslo.

Arne svarer at dei norske grashoppene korkje kan stikke eller sprute gift, men at dei kan bite ganske kraftig. Og når dei bit, så skil dei ut ei brun veske som etsar skikkeleg. Før i tida trudde dei difor at grashoppe-bit kunne fjerne vorter. Arne er ikkje sikker på om dette er riktig, men ein av grashoppeartane vi har her i Norge, har faktisk eit namn på latin som tyder «den som et vorter» (verruci vora).

Andre grashoppetypar har andre, men liknande forsvarsmetodar. Somme har holer i overkroppen, som dei kan sprute ei irriterande mjølkeliknande væske frå, ved hjelp av muskelsamantrekkingar kring holet. Andre skil ut væske gjennom andehol eller spesielle kjertelopningar på kroppen eller beina. Ofte kjem det freselydar og bobler frå andehola i tillegg.

Grashopper til lunsj

Arne fortel vidare at ein godt kan ete grashopper. Det er berre å ta av vengene og beina og steikje resten av kroppen. – Det er vel ikkje noko merkelegare at folk i Afrika et grashopper, enn at vi et reker, meiner han. –Vi berre nyttar det naturen har gitt oss mykje av. Andre måtar å gjere grashopper etande på er å leggje dei i gelé, tørke dei, dyppe dei i honning eller male dei til mjøl.

I heile verda finst det ca 10 000 grashoppetypar. I Norge har vi 30. Du har kanskje høyrt grashopper «syngje» om hausten? Det er hannane som syng for å lokke til seg hoene.

I mange land er grashoppesvermar eit stort problem, fordi dei et opp avlingane til bøndene. Til hjelp mot dette kan ein bruke kjemikaliar som drep insekta. Kjemikaliane skadar diverre miljøet samstundes, og ein freistar difor å finne eit nytt middel som kan lette grashoppeproblemet. Ei gruppe norske forskarar er med på dette arbeidet, og driv for tida eit forskingsprosjekt i det afrikanske landet Mali.

Publisert i Nysgjerrigper 1996

Sist endret: 12.12.2003

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?