Frua frå havet
22. mai 2004 00:00
Kven var dei første menneska som levde i Noreg? Korleis såg dei ut, og korleis levde dei? Sidan menneske sjeldan lever særleg lenger enn til dei er 100 år gamle, er det ingen vi kan ringje til for å spørje om råd. Men heldigvis kan knoklar, bein og tenner fortelje mykje om historia vår.
FOTO: ANNE WINTERTHUN/NIKU
Det var ein gong for lenge, lenge sidan … For 10 000 år sidan, etter istida i den eldre steinalderen. Den gongen var havet i Nordsjøen lågare enn i dag, og ein kunne gå tørrskodd mellom Sverige, Danmark og England. Det var då dei første menneska kom og busette seg i landet vårt.
Ein av dei første som budde her, var ei vever, lita kvinne. Ho budde i Søgne, heilt sør på tuppen av Noreg. Livet var veldig annleis i Noreg den gongen. Isen låg framleis tung og massiv og dekte delar av landet. Men her nede i sør var det tørt, varmt vêr. Om somrane kunne temperaturen kome opp i 18–20 grader. Som andre menneske på den tida heldt kvinna seg i live av maten ho fann i naturen. Heile livet budde ho ved havet, og mesteparten av maten fanga ho der – fisk, skjel, krabber, sel, småkval og tang. På land sanka ho nøtter, røter og egg. Fuglar fanga ho òg. Alt før ho fylte 40 år, døydde ho.
På staden der Søgnekvinna vart funnen, fann forskarane òg beinrestar etter andre menneske. Kanskje staden var ein gravplass? I så fall er dette den eldste gravplassen vi kjenner i Norden. FOTO: ANNE WINTERTHUN/NIKU
Hovudskallen fortel historia
For nokre få år sidan var det nokon som fann restar etter kvinna. Hovudskallen hennar, nokre knoklar og tenner låg bevarte i havbotnen ved Søgne. Då forskarane undersøkte desse, fann dei ut at dei tilhøyrde ei kvinne som hadde levd for 8600 år sidan! Dei få restane var alt dei trong for å fortelje historia om Søgnekvinna – eller ”Frua frå havet” som ho òg blir kalla. Ho er førebels den personen som har levd for lengst tid tilbake, av dei menneska vi har funne restar etter i Noreg.
Sidan det den gongen var land der vi har hav i dag, vart restane etter Søgnekvinna liggjande i havet fram til vi fann henne. Utruleg nok trong ikkje forskarane fleire ting for å fortelje historia om korleis kvinna levde, sjølv om det er ufatteleg lenge sidan. Berre ved å undersøkje tennene fann forskarane for eksempel ut at ho hadde vore sjuk og i periodar hadde fått lite mat då ho var barn. Ved å granske hovudskallen har ein klart å lage eit bilete og ein modell av korleis ho såg ut. Vi kan ikkje vite eksakt korleis ho såg ut, men sannsynlegvis såg ho ut som på biletet.
Publisert i Nysgjerrigper nr 2/04
Sist endret: 22.05.2004