Er romfart nyttig?
28. jul 2003 00:00
Den nye, internasjonale romstasjonen ISS skal koste 600 milliardar kroner. Noreg er også med på det store spleiselaget, sjølv om vi ikkje betaler meir enn ein liten del av kaka. Men er det verdt alle desse pengane? Kva får vi igjen for romforskinga?
Det som driv menneska ut i verdsrommet, er nok først og fremst det at vi er nysgjerrige. Vi vil gjerne vite meir. Og det får vi. Romfarten har gitt oss mykje nye kunnskapar om verdsrommet – og om vår eigen planet. Viss ein vil sjå Jorda utanfrå, må ein bort og ut i verdsrommet. Ei av oppgåvene til den internasjonale romstasjonen ISS er å studere miljø og klima på planeten Jorda.
Ei romferd er nokså forskjellig frå ein ferietur til Syden. Mesteparten av utstyret må spesiallagast, og tusenvis av forskarar arbeider med oppfinningar som skal brukast til romfart. Slik har det vore sidan den aller første romferda vart planlagd først på 1950-talet. Men sjølv om desse oppfinningane er laga for romfart, viser det seg ofte seinare at dei kan brukast til mykje anna også. Så romfarten er kanskje nyttigare enn du trur!
Det beste kartet i verda
Bilete og data frå romferjer og satellittar har gitt oss heilt nye og svært nøyaktige kart. Desse karta blir brukte til mykje, for eksempel til å utvikle sikrare navigasjonssystem for båtar og fly.
Betre fly
Jetflyet Boeing 777 er ikkje noko romskip, akkurat. Men det er bygd med materialar og teknikkar som amerikanarane utvikla til Apollo-romskipa sine i åra 1961 til 1972. Både glas-cockpiten, styresystema og dei ultralette materiala stammar frå Apollo-teknologien.
Vernedrakt for barn
Kyle og Ryan har ein sjeldsynt sjukdom som gjer at dei ikkje toler sollys. Det er dei ultrafiolette strålane (UV-strålane) frå sola som gjer dei sjuke. Før kunne dei aldri vere ute og leike, ikkje ein gong i overskya ver. Men no har dei fått spesialsydde dressar av same type som astronautane bruker når dei tek seg ein spasertur i rommet. Desse dressane stansar dei farlege UV-strålane og har eigne kjøleanlegg som passar på at kroppen ikkje blir for varm inne i dressen. No kan Kyle og Ryan gå ut i hagen og leike – fordi astronautane har gått ut og «leika» i verdsrommet!
Mini-hjarte-pumpe
Fleire menneske med ein spesiell hjartefeil har fått operert inn ei bitte lita, batteridriven pumpe som hjelper hjartet med å pumpe blodet rundt i kroppen. Pumpa er så lita at ho fint får plass i brystet til eit barn. Ho er ei mini-utgåve av dei pumpene som vart laga for å pumpe rakettdrivstoff inn i motorane til dei amerikanske romferjene.
No samarbeider NASA (den amerikanske romfartsorganisasjonen) med medisinske forskarar for å gjere hjartepumpa endå betre.
Supre golfkøller
I arbeidet med den nye romstasjonen ISS eksperimenterte forskarane med forskjellige slags metall og metallblandingar. Det viste seg at eit av dei nye metalla var perfekt til å lage golfkøller av!
Flygande leiketøy
Eit firma ville lage små leike-glidefly for barn. Men det var ikkje lett! Til slutt tok firmaet kontakt med NASAs ekspertar på aerodynamikk (læra om lufta og om korleis ting rører seg i lufta). Saman laga dei små glidefly som er så enkle å bruke at alle kan få dei til å gjere kunster i lufta – sjølv om dei ikkje har annan «motor» enn armen til den som kastar dei.
Sist endret: 28.07.2003