Elines tredje reisebrev
17. des 2003 06:00
Tredje reisebrev frå Eline på Svalbard, mars 2003:
Da isbjørnen kom på besøk
|
Om Eline |
||||
|
Eg heiter Eline Aasheim og er 13 år. Dette året bur eg på Austfjordneset på Svalbard med mamma, pappa og veslesystera mi, Ingvill. Austfjordneset er ein fangststasjon inst i Wijdefjorden nord på Svalbard. Hytta vi bur i, er 40 kvadratmeter stor, og av det er halvparten lager og vedskjul. Det er staten som eig fangststasjonen, og han låner ut hytta til folk som har lyst til å drive fangst eit par år. Hytta ligg cirka 15 mil frå nærmaste butikk, og derfor har vi med oss mat for eit heilt år, og vi må sjølv jakte på det vi skal ha av kjøtt. |
||||
Mørketida er over. Sola er her. Vi begynner å venne oss til lyset. Det er dagslys heile dagen. I februar var det framleis mørkt som natta mesteparten av tida. No har vi lys og sol heile tida.
Isbjørnen
Ein dag hadde vi vore ute på ein kjempefin sledetur for å røkte revefellene. Vi kom tilbake til hytta, og parkerte hundane nede på isen. Eg og Ingvill sprang opp til hytta, og det var då vi oppdaga det: Vi hadde hatt besøk av isbjørn! Han hadde vore oppe på taket av hytta, og rive ned det vesle av mat vi hadde der.
ALLE FOTO:STEIN P. AASHEIMPappa kom springande opp til hytta. Han gjekk rundt hytta, for å sjå om bjørnen hadde øydelagt noko der, og da oppdaga han at bjørnen framleis var der! Han fekk oss andre inn, før han gjekk gjennom hytta, til den enden der han hadde sett bjørnen. Han gjekk inn på vedskjulet, og der, to meter framom han, var bjørnen på veg inn gjennom vindauget!
|
Svalbard |
||||
|
Svalbard er namnet på fleire øyar som ligg i Nordishavet mellom Noreg og Nordpolen. Meir enn halvparten av øyane er dekte av isbrear. Svalbard er norsk territorium, og er ein viktig stad for forskarar. |
||||
Det var heilt uverkeleg. Det er slike historier du høyrer om, men som du ikkje ein gong drøymer om skal hende med deg sjølv.
Ut på tur
Hundane er det einaste transportmiddelet vi har. Utan dei hadde vi vore heilt låst til hytta. Vi bruker dei til å hente vatn, til å kjøre store isblokker og til å røkte revefeller som ligg langt unna.
Å leggje ut på tur er ikkje gjort i ein fei. Først skal sleden pakkast med alt frå gevær, nødpeilesendar og GPS, til fotoapparat, filmkamera og varm saft.
Etter at vi har pakka sleden, må han dyttast ned på isen. Her legg vi ut trekklina, bind fast sleden og passar på at han er så godt festa at hundane ikkje greier å dra av garde med han.
Så må vi ta hundane ned til sleden og feste dei i trekklina. Det er morosamt å sjå kor ivrige dei er når dei skal ut på tur. Men når hundane har fått sprunge av seg noko av energien, går det litt rolegare.
Og sjølvsagt får vi ein kjempetur. Vi får bestandig ein kjempetur! Det er ingenting hundane er så glade i som å dra på tur … bortsett frå mat, kanskje!
Publisert i Nysgjerrigper nr 2/03
Sist endret: 17.12.2003